Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Kristiansand 30. mai

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Psykisk helse og folkehelse står på programmet når helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Kristiansand tysdag 30. mai

Ho skal mellom anna opne nybygg for psykisk helse på Sørlandet sjukehus, få ei orientering om behandlingstilbodet til barn og unge med angstlidingar og presentere regjeringa si folkehelsemelding på Universitetet i Agder.

Program:

11.00 – 13.00: Opning av nybygg psykisk helse
Nybygg psykisk helse Kristiansand skal bli det bygget i Noreg som best legg til rette for eit framtidsretta behandlingstilbod innan psykisk helse for vaksne og unge.
Adresse: Andreas Kjærs vei 93

13.00 – 14.00: Angstbehandling for barn og unge
Møte med behandlarar på ABUP om behandlingstilbodet dei har utviklga for barn og unge med angstlidingar. Behandlingsmetoden blir kalt RISK og har dei beste resultata i landet for angstbehandling for barn og unge.
Adresse: Andreas Kjærs vei 93 

14.30 – 15.30: Gjesteforelesing om folkehelse på Universitetet i Agder
I folkehelsemeldinga presenterer regjeringa si samla innsats for å fremje folkehelse og god livskvalitet i befolkninga. Opent arrangement for studentar ved Universitetet i Agder.
Adresse: Campus Kristiansand, Universitetsveien 25

16.00 – 17.00: Besøke overgrepsmottaket i Agder
Overgrepsmottaket i Agder er eit lågterskeltilbod for personar over 15 år som har vore utsett for seksuelle overgrep eller forsøk på seksuelle overgrep. Mottaket er døgnopen, gir rask medisinsk hjelp og rådgiving.
Adresse: Egsveien 100, bygg 10

Pressa er velkomen til å dekke heile eller delar av besøket. Merk at det er trongt om plassen på nokre av stadane. Gi beskjed om deltaking til pressekontakt Anne Kathrine Aambø. Epost akaa@hod.dep.no og mobil 41293018.