Presseinvitasjon

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Moss, Fredrikstad og Mysen

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Onsdag 24. august besøker helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol Moss, Fredrikstad og Mysen. Ho skal innvie dei nye lokala hos Gentian diagnostics ASA og besøke Åsebråten barne- og ungdomspsykiatriske klinikk, sykehuset Østfold. Ho skal også sjå korleis Phoenix Haga jobbar med rusavhengige og besøke Kirkens Bymisjon Indre Østfold.

Program:

Kl. 09.00 – 10.30: Statsråden innvier dei nye lokala til Gentian diagnostics ASA. Bedrifta har fleire norskutvikla diagnostikk-produkt, inkludert antistoff-test for covid-19. Statsråden får omvising der ho får sjå heile arbeidsflyten i produksjonen frå start til slutt. Deretter innvier ho dei nye lokala.

Stad: Bjørnåsveien 5, 1596 Moss

 

Kl. 11.15 – 12.45 Besøk hos Åsebråten barne- og ungdomspsykiatriske klinikk. Her får statsråden omvising og høyre om avdeling for barne- og ungdomspsykiatri (BUP) og arbeidet med eteforstyrringar hos barn og unge.

Stad: Ilaveien 127, 1605 Fredrikstad

 

Kl. 13.45 – 14.45 Besøk hos Phoenix Haga, som jobbar for at rusavhengige skal få eit fullverdig liv utan bruk av rusmiddel. Statsråden får omvising og høyre om korleis dei arbeidar.

Stad: Folkenborgveien 198, 1850 Mysen

 

Kl. 15.00 – 16.00 Besøk hos Kirkens Bymisjon Indre Østfold, og deira prosjekt Aktive eldre.  

Stad: Kløverveien 11, 1850 Mysen

 

Pressa er velkomne til å delta på alle arrangement.