Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Nordre Follo kommune tysdag 28. juni
Nyheit | Dato: 24.06.2022 | Helse- og omsorgsdepartementet
Tysdag 28. juni besøker helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol Kolbotn og Siggerud i Nordre Follo kommune. Der skal ho lære meir om korleis kommunen jobbar for å betre den psykiske helsa bland barn og unge, og ho skal møte brukarar ved Frambu kompetansesenter for sjeldne diagnoser.
Program
13.00 - 13.50: Besøk ved virksomhet Forebygging og tiltak
Nordre Follo kommune presenterer tiltaka Hjerteknappen og Hjelper'n. Hjerteknappen er eit digitalt lågterskeltilbod for skuleelevar som treng nokon å snakke med, der barna lett kan kome i kontakt med ein helsesjukepleiar for å ha ein samtale om korleis dei har det. Hjelpern'n er eit gratis helsetilbod innan psykisk helse til foreldre, barn og ungdom.
Stad: Virksomhet Forebygging og tiltak, Kolbotnveien 22, 1410 Kolbotn
14.00 - 14.30: Arbeidstrening og gjenbruk
Statsråden får ei omvisning på OMA gjenbruksbutikk. OMA står for ombruk, miljø og arbeidstreningssenter, og tilbyr arbeidstrening for personar som treng det.
Stad: Kolbotn torg, Strandliveien 10, 1410 Kolbotn
14.40 - 15.30: Byutvikling - kvifor omsorgsbustader i Kolbotn sentrum?
Statsråden får ei omvisning ved Kolbotn omsorgsboliger (KOMBO). Boligane er bemanna heile døgnet og bebuarane reknas som heimebuande. Statsråden fortel om bu trygt heime-reformen i tilknytning til besøket hos KOMBO.
Stad: Edvard Griegs vei 7, 1410 Kolbotn
16.00 - 17.00: Besøk ved Frambu kompetansesenter for sjeldne diagnoser
Statsråden får ei omvisning og presentasjon av kompetansesenteret, og får òg treffe pasientar og pårørande. På Frambu samlar og utviklar dei kunnskap om sjeldne og lite kjende diagnosar, og sprer denne til personar med diagnose og deira pårørande.
Stad: Frambu, Sandvakkveien 18, 1404 Siggerud
Førespurnader til helse- og omsorgsministeren kan rettast til kommunikasjonsrådgivar Daniel Drageset på epost daniel.drageset@hod.dep.no og/eller mobil 99414051.