Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Stord og Haugesund 29. november
Nyheit | Dato: 25.11.2022 | Helse- og omsorgsdepartementet
Tysdag 29. november reiser Ingvild Kjerkol til Stord og Haugesund. I tillegg til Stord sjukehus, besøker ho eit lågterskel psykisk helsetilbod og eit utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Haugesund.
På Stord sjukehus vil statsråden mellom anna bli vist rundt hos Sunnhordland interkommunale legevakt, mens ho i Haugesund besøker eit psykisk helsetilbod retta mot ungdom i alderen 12 til 18 år som treng nokon å snakke med.
I Haugesund besøker statsråden også utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester (USHT) i Helse Fonna-kommunane.
Program:
10:30 – 12.00: Besøke Stord sjukehus
Statsråden får ei omvising på Sunnhordland interkommunale legevakt, orientering om tilbodet ved Stord sjukehus, samt orientering om tilbodet ved Stord DPS og BUP. Pressa er velkomen til å vere med når statsråden besøker Sunnhordland interkommunale legevakt kl 10.30 – 11.10.
Stad: Tysevegen 64, 5416 Stord
14.00 – 15.00: Besøke Ungdomsteamet – eit lågterskel psykisk helsetilbod i Haugesund
Ungdomsteamet er eit frivillig samtaletilbod til ungdom frå 12 til 18 år, som har behov for nokon å snakke med. Målgruppa for Ungdomsteamet er ungdom med begynnande psykososiale vanskar. Tilbodet er frivillig og ungdommen avgjer sjølv når han eller ho ønsker å avslutte.
Verksemdleiaren av barneverntenesta i Haugesund kommune, ein tilsett i Ungdomsteamet og sosiallærarar på ein skule i byen er til stades. Ungdomsrådet i kommunen deltar òg ved leiaren og nestleiaren. Pressa er velkomen.
Stad: Haraldsgata 94, 5528 Haugesund
15.15 – 16.15: Besøke Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) i Helse Fonna-kommunane
På utviklingssenteret vil dei fortelje om korleis USHT-ane bidrar til å styrke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene gjennom fag- og kompetanseutvikling, og spreiing av ny kunnskap, nye løysingar og nasjonale føringar.
Målgruppa til USHT er leiarar og medarbeidarar i heimeteneste, sjukeheim og tilrettelagde tenester i kommunane som høyrer til Helse Fonna-området. Pressa er velkomen.
Stad: Diktervegen 29, 5538 Haugesund
Kontaktperson er senior kommunikasjonsrådgjevar Daniel Drageset. E-post: dadr@hod.dep.no, mobil 994 14 051.