Presseinvitasjon
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol opnar Distriktsmedisinsk senter i Brønnøysund fredag 22. april
Nyheit | Dato: 19.04.2022 | Helse- og omsorgsdepartementet
Fredag 22. april besøker helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol Brønnøysund. Ho skal opne Distriktsmedisinsk senter Sør-Helgeland i Brønnøysund. Ho vil også få ei omvising på luftambulansebasen og besøke ROP-ung, eit lågterskel psykisk helsetilbod for barn og ungdom.
Program
Kl. 08.00 – 09.30: Besøk og omvising hos ROP-ung.
Stad: Biskop Rosingsgate 2, 8904 Brønnøysund
Kl. 09.45 – 11.30 Opning av Distriktsmedisinsk senter. Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol får omvising før den offisielle opninga kl. 10.40.
Stad: Skules vei 13, 8904 Brønnøysund
Kl. 12.30 – 14.00 Besøk på luftambulansebasen. Helse- og omsorgsministeren får omvising i hangaren, på basen, og i fartøya dersom dei ikkje er ute på oppdrag.
Stad: Flyplassveien 3, 8900 Brønnøysund
Pressa er velkomen til å delta på alle arrangement.
Kontakt
For helse- og omsorgsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Katarina Theis-Haugan. Tlf: 970 792 07. E-post: katarina.theis-haugan@hod.dep.no