Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol til Sarpsborg og Fredrikstad 17. og 18. mars
Nyheit | Dato: 15.03.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Rekruttering av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, velferdsteknologi og møte med ungdommar om førebygging av einsemd er blant programpostane når helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Sarpsborg og Fredrikstad 17. og 18. mars.
Program
Fredag kl. 14.30 – 15.30: KS-prosjektet Jobbvinner i Sarpsborg
Jobbvinner er eit nasjonalt prosjekt for å rekruttere og behalde sjukepleiarar og helsefagarbeidarar til kommunen sine helse- og omsorgstenester. Sarpsborg kommune starta med dette prosjektet for eitt år sidan og har gode erfaringar så langt. Statsråden får ei orientering om prosjektet og får snakke med mentorar og nytilsette som fortel om kva ordninga har betydd for dei.
Stad: Valaskjold omsorgssenter, Trompetveien 5, Sarpsborg
Fredag kl. 16.15 – 17.15: Helsevakten i Fredrikstad
Omvising på Helsevakten, som er eit responssenter for velferdsteknologiske løysingar. Møte tilsette og lære om løysinga og kvardagen på responssenteret.
Stad: Jens Wilhelmsens gate 3, Kråkerøy
Fredag kl. 19.00 – 19.45: Fritid ungdomsklubb
Møteplass for barn og unge. Statsråden møter ungdommar til samtale om korleis fritidsklubbane kan vere med på å førebygge einsemd blant barn og unge.
Stad: Gressvik Torg, 1621 Gressvik
Lørdag kl. 08.00 – 09.00: Frukost med ambulansemedarbeidarar
Statsråden får ein gjennomgang av planar for ny ambulansestasjon. Medarbeiderarar på vakt vil vere til stades. Spørsmål og samtale rundt bordet.
Stad: Sarpsborg ambulansestasjon, Roald Amundsens gate 17, Sarpsborg
Pressa er velkomen til å vere med på heile eller delar av besøket. Kontakt info@hod.dep.no eller pressevakta på 948 49 749 viss du har spørsmål.