Presseinvitasjon

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre besøker Innlandet tysdag 3. september

Vestre skal delta på to opningar og besøke studentar og tilsette ved NTNU i Gjøvik.

Program


Eidskog Helsetun

Adresse: Boligvegen, 2230 Skotterud
Kl. 08.00 blir det frukostmøte på Eidskog Helsetun med fokus på korleis kommunen har lukkast med helse- og omsorgstenester, trass i demografiske utfordringar. Etterpå blir det møter med Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, samt ein kort runde på Helsetunet.

Kl. 09.15 blir det offisiell opning av det nyrenoverte kjøkkenet med snorklipping og blautkake, etterfølgd av eit møte med representantar frå Frivilligsentralen sine matutkøyrarar.

Opning av Moelv sjukeheim
Adresse: Bettavegen 30, 2360 Moelv
Kl 13.30: Nye Moelv sjukeheim har 60 plassar og erstattar ein eksisterande, utdatert sjukeheim. Dette vil også bli den nye arbeidsplassen for om lag 70 helsearbeidarar. Under opninga vil det bli tale og snorklipping med helse- og omsorgsministeren.

Besøk på institutt for helsevitenskap ved NTNU Gjøvik
Adresse: Teknologivegen 22, 2802 Gjøvik
Kl 15.15: Her skal helse- og omsorgsministeren snakke med tilsette og studentar ved ulike helsefaglege studium. Han skal òg få ei innføring i korleis teknologi og simulering kan vere eit verdifullt innslag i helseutdanningar.

Pressa er velkomen til å delta. Journalistar som ønsker å vere med, kan melde si interesse til kommunikasjonsrådgjevar Eli Maria Helland, m. 913 82 317.