Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre besøker Vestre Viken onsdag 18. september

Vestre skal besøke Ringerike sjukehus, Hallingdal sjukestugu og Ål vidaregåande skule.

Program

09.00 – 10.30: Ringerike sjukehus 
Helse- og omsorgsministeren skal mellom anna sjå kva sjukehuset gjer for å følgje opp Ventetidsløftet (PDF) og korleis dei jobbar med rekruttering av fagfolk. Han skal også besøke akuttmottaket og føde- og barselsavdelinga.
Adresse: Arnold Dybsjords veg 1, 3511 Hønefoss

12.30 – 15.30: Hallingdal sjukestugu 
Helse- og omsorgsministeren skal mellom anna på omvising på somatisk og psykiatrisk poliklinikk. Det blir demonstrasjon av akutt slagbehandling og fjernstyrt CT hjå sjukestugu og besøk ved interkommunal legevakt. Statsråden skal også besøke Ål ambulansestasjon og møte tilsette og pasientar.
Adresse: Helsetunvegen 15, 3570 Ål.

15.30 – 16.30: Ål vidaregåande skule 
Statsråden besøker ambulansefaglinja på Ål vidaregåande skule for å høyre om heilskapleg rekruttering.
Adresse: Klokkarbakken 7, 3570 Ål.

Media er velkomne til å følge statsråden på omvisingane. Han vil vere tilgjengeleg for intervju på slutten av omvisinga. Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgjevar Ingvild Wathne Johnsen tlf: 905 78 671.