Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsminister Vestre besøker Bergen 21. mai
Nyheit | Dato: 16.05.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Jan Christian Vestre skal mellom anna opne eit nytt senter for kvinnehelseforsking ved Universitetet i Bergen og besøke Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus i Bergen måndag 21. mai.
09.30 – 10.30: Besøke Kvinnehelsehuset i Bergen, Sandbrogaten 5
Eit kvinnehelsehus i regi av Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) er ein stad som har helse- og rettleiingstilbod og aktivitetar som styrker kvinner si helse, livskvalitet og nettverk. Kvinnehelsehuset skal fungere som ein open møteplass i trygge former i lokalsamfunnet. Vestre får møte tilsette og brukarar ved senteret.
11.00 – 11.45: Opne Driv – senter for kvinnehelseforsking, Haukelandsbakken 31
Vestre opnar eit nytt forskingssenter for kvinnehelse i Bergen, etablert av Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) og Helse Bergen, med partnarar. Fleire nasjonalt leiande miljø som forskar på kvinner si helse er knytt til senteret.
12.00 – 12.45: Besøke ALREK Helseklynge, Årstadveien 17
Vestre får møte tilsette ved Alrek helseklynge, som er en samanslutning av forskings- og utdanningsmiljø, sjukehus og Bergen kommune, og som jobbar saman for å skape innovative helse- og omsorgsløysingar for heile mennesket med fokus på primærhelsetenesta og folkehelse.
13.00 – 14.00: Besøke Haukeland universitetssjukehus, Haukelandsbakken 15
Vestre får ei omvising på den nye Kvinneklinikken på Haukeland og besøker mottaksklinikken som har tatt i bruk Pasientens legemiddelliste. Han skal også snakke med leiinga og helsepersonell om Ventetidsløftet og korleis ein kan redusere ventetidene i helsetenesta.
14.45 – 15.30: Besøke FACT ung, Strømgaten 10
FACT ung er ein modell for å følge opp ungdommar med store utfordringar og gi oppsøkande, samanhengande, integrerte og fleksible tenester. Det er forpliktande samhandling mellom kommune og spesialisthelseteneste, ved bruk av tverrfagleg samansette team. Vestre besøker kontoret i Bergen og får høyre om deira arbeid.
15.45 – 16.30: Besøke Haraldsplass diakonale sjukehus, Ulriksdal 8
Haraldsplass har lenge brukt ulike typar teknologi som både sparar tid og aukar pasienttryggleiken på heile sjukehuset. Dette skal ministeren få sjå resultatet av på ulike avdelingar. Sjukehuset har også eit av dei fremste geriatrimiljøa i Noreg. Vestre vil få innsikt i korleis dei brukar desse spesialistane på eldre med samansette lidingar og behandlar akutt sjuke eldre i akuttmottak, korleis dei sikrar eit betre pasienttilbod saman med kommunane og kvifor fagområdet er viktig å satse på i åra som kjem med ein aukande del eldre.
Presse er velkomen til å delta. Journalistar som ønsker å vere med, kan melde si interesse til Elisabeth Johansen, telefon 996 07 525.