Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Vestre besøker Drammen sjukehus fredag 26. april

Omvising på Drammen sjukehus, møte med tilsette, presentasjon av kunstig intelligens og nye arbeidstidsordningar står på programmet når Jan Christian Vestre besøker Vestre Viken helseføretak.

Når: Fredag 26. april kl. 13.15–14.45
Hvor: Drammen sjukehus, Dronninggata 28, 3004 Drammen.

I Nasjonal helse- og samhandlingsplan, som blei lagt fram 1. mars, presenterte regjeringa sine samla løysingar for helse- og omsorgstenestene. I planen er Vestre Viken helseføretak løfta fram som eit godt døme både når det kjem til bruken av kunstig intelligens og alternative arbeidstidsordningar.

Program

  • Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre besøker KI-laben og får sjå KI i praksis. Hausten 2023 starta Vestre Viken, som det første helseføretaket i Noreg, implementeringa av kunstig intelligens (KI) på røntgenbilete ved spørsmål om brot. Med støtte frå KI forbetrar dei pasientforløpet for 39 000 pasientar årleg. KI-implementeringa skal bidra til betre kapasitet og ein forbetra pasientflyt og arbeidskvardag for dei tilsette. Frigjering av kapasitet gjennom god bruk av KI og annan teknologi er også eit bidrag til reduksjon av ventetider.
  • Helse- og omsorgsministeren snakkar med leiarar og tilsette om arbeidstidsordninga. Vestre Viken HF gjennomførte fleire pilotar med langvakter sommaren 2023. Evalueringa viste gode resultat, som opplevinga av styrka tryggleik for pasientar og tilsette, mindre bruk av eksterne vikarbyrå og redusert sjukefråvær. Med bakgrunn i dette er det inngått avtale med lokale partar om rammeverk for langvakter for 2024. Kartlegging viser at det er interesse for langvakter blant dei tilsette, og det er eit mål å kunne tilby langvakter til alle som ønsker det.

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for intervju. Journalistar som ønsker å vere med må kontakte kommunikasjonssjef Susanne Moen Stephansen, telefon 480 32 792.