Presseinvitasjon
Helse- og omsorgsminister Vestre besøker Haugesund 29. august
Nyheit | Dato: 29.08.2024 | Sist oppdatert: 30.08.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Nedlegging av grunnstein på nye Haugesund sjukehus og besøk hjå Haugesund Sanitetsforening sitt revmatismesjukehus står på programmet når helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre besøker Haugesund 29. august.
Program
10.00 – 11.30: Haugesund sjukehus
Nedlegging av grunnstein for nye Haugesund sjukehus. Talar og kunsteriske innslag.
Adresse: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
12.00 – 13.30: Haugesund Sanitetsforening sitt revmatismesjukehus
Revmatismesjukehuset er eit ideelt sjukehus som har avtale om drift med Helse Vest RHF. Vestre får informasjon om organisering og tilbod ved sjukehuset og korleis dei har bidratt i Ventetidsløftet, mellom anna med proteseoperasjonar gjennom eit pilotsamarbeid med Helse Vest og Helse Fonna. Omvising i operasjonsavdeling.
Adresse: Karmsundgaten 134, 5228 Haugesund
Pressa er velkomen til å delta. Journalistar som ønsker å vere med, kan melde si interesse til kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Johansen, tlf 99 607 525.