Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Vestre besøker Stavanger, Bergen og Kristiansand 1. oktober

Helse- og omsorgsministeren besøker tre sjukehus tysdag, for mellom anna å høyre om arbeidet dei gjer med å få ned ventetidene.

Program

07.30–09.00: Nye Stavanger universitetssjukehus, Ullandhaug
Omvising i dei nye bygga og orientering om korleis drifta blir når nytt sjukehusbygg er på plass. 
Adresse: Oppmøte i vakta til Nye SUS, Madlaveien 466. Interesserte må melde seg på innan kl. 21 mandag.

12.00–13.00: Haukeland universitetssjukehus
Mellom anna besøk på Lungepoliklinikken og Augeavdelinga for å høyre om ventetidsarbeidet.
Adresse:
 Sentralblokken, Haukeland universitetssjukehus, Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

16.00–17.30: Sørlandet sjukehus Kristiansand
Besøk på nyfødtintensiven, akuttmottaket og Nybygg psykisk helse. Vestre får også ei orientering om korleis sjukehuset arbeider med å få ned ventetidene.
Adresse: Sørlandet sjukehus Kristiansand, Hovudinngangen, Egsveien 100, 4615 Kristiansand

Pressa er velkomen til å delta. Journalistane som ønskjer å vere med, kan kontakte kommunikasjonssjef Susanne Moen Stephansen, tlf. 48032792. Merk at for journalistar som vil delta på omvising på Nye SUS er påmelding obligatorisk fordi deltakarane må ha på verneutstyr.