Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Vestre besøker Trondheim 17. og 18. juni

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre besøker St. Olavs hospital måndag 17. juni. Her skal han mellom anna få høyre korleis sjukehuset arbeider med å følgje opp Ventetidsløftet.

Ventetidsløftet er også tema for innlegget Vestre skal halde på direktørsamlinga for dei regionale helseføretaka måndag kveld. Tysdag besøker statsråden Norsk helsenett og Trondheim rehabiliteringssenter.

Program måndag 17. juni

  • 15.00–15.20: Besøk ved arbeidsmedisinsk avdeling på St. Olavs Hospital
  • 15.25–17.00: Besøk ved lungemedisinsk avdeling, klinikk for akutt- og mottaksmedisin, klinikk for bildediagnostikk og klinikk for øre-neste hals, kjeve- og øyesjukdommar (kveldspoliklinikk)
  • 17.10–17.30: Møte med tillitsvalde og leiing
  • 17.35–17.55: Tid til intervjuar
  • 18.00–18.20: Omvising hjå ambulansetenesta
  • 18.30: Innlegg på direktørsamling for RHF-ane

Program tysdag 18. juni

  • 08.00–08.45: Omvising og samtale med tilsette hjå Norsk helsenett, møte med tillitsvalde og leiing
  • 09.00–10.30: Omvising og samtale med bebuarar og tilsette ved Trondheim rehabiliteringssenter, møte med tillitsvalde og leiing

Pressa er velkomen til å delta. Journalistar som ønskjer å vere med, kan melde si interesse til Ingvild Wathne Johnsen på telefon 905 78 671.