Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsministeren besøker Bjørnafjorden kommune torsdag 24. august
Nyheit | Dato: 23.08.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Fastlegeordninga, heimetenesta og psykisk helsehjelp er nokre av temaa når helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Bjørnafjorden kommune torsdag 24. august.
Kl. 10.30–11.30: Legevakt, heimetenesta og rask psykisk helsehjelp
Statsråden får ei omvising hjå legevakta og får høyre meir om korleis kommunen arbeider med akutt hjelp, inkludert nordsjøturnusen. Statsråden får også informasjon om kommunen sine heimetenester og prosjektet «Heima Vest». Eit viktig mål med prosjektet er å legge til rette for at eldre meistrar kvardagen og kan bu lenger i eigen heim.
Til slutt får statsråden ei orientering om psykisk helsehjelp. Bjørnafjorden kommune tilbyr Rask psykisk helsehjelp (RPH). Det er eit lett tilgjengeleg og gratis behandlingstilbod til personar som slit med angst, depresjon eller rusproblem. Ingvild Kjerkol får høyre meir om tilbodet og skal snakke med tilsette og truleg ein brukar.
Sted: Legevakten, Mobergsbakken 111.
Kl. 12.00–12.45: Bjørnafjorden-modellen for å rekruttere og behalde fastlegar
Mange kommunar slit med å rekruttere fastlegar. Bjørnafjorden har tatt grep, og innført ein eigen modell for å rekruttere og behalde fastlegar. Eit viktig mål er at legane skal få betre tid til pasienten og ein lettare arbeidskvardag. Ingvild Kjerkol får ei orientering om fastlegetilbodet i kommunen. Ho skal møte fastlege Hjørdis Barmann og høyre om hennar erfaringar med Bjørnafjorden-modellen.
Oppmøte: Amfi Os, Prestegardskogen 2.
Pressa er velkommen og helse- og omsorgsministeren er tilgjengeleg for intervju. Kontaktperson er Susanne Moen Stephansen.