Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsministeren besøker Brumunddal fredag 16. august
Nyheit | Dato: 15.08.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre besøker fredag 16. august kl 13.30 – 15.00 Brumunddal legesenter. Her skal han lære meir om korleis dei jobbar tverrfagleg for å skape ei meir berekraftig fastlegeteneste.
Program
Kl 13.30 – 14.00: Samtalar med tilsette og omvising i lokala
Kva effekt har tverrfaglege tenester for pasientar og helsepersonell ved legesenteret? Vestre får møte helsepersonell og pasientar og høyre deira erfaringar.
Kl 14.00 – 14.20: Korleis organisere eit tverrfagleg senter?
Dagleg leiar ved legesenteret, Tommy Andreassen, fortel om arbeidet deira med kvalitetsforbetring, leiing og organisering.
Kl 14.20 – 14.40: Suksessfaktorar og fallgruver i Brumunddal
Kva kan Vestre ta med seg av lærdommar frå Brumunddal i arbeidet med stortingsmeldinga om framtidas allmennlegeteneste, og kva tiltak ønsker dei i Brumunddal at stortingsmeldinga tar opp?
Kl 14.40 – 15.00: Brumunddal som innovasjonslab for allmennlegetenesta
Brumunddal legesenter har nyleg blitt tildelt løyvingar til å vere ein av deltakarane i eit forsøk for nye samhandlingsmodellar mellom Nav og dei kommunale helsetenestene, der målet er å styrke samhandlinga og skape eit heilskapleg og godt koordinert tenestetilbod. Dei har også tatt initiativ for å styrke samhandlinga mellom legekontoret og spesialisthelsetenesta, og har utarbeida ein plan for korleis Brumunddal legesenter kan vere ein innovasjonlab for fastlegetenesta.
Pressa er velkomen til å vere med på besøket. Journalistar kan rette intervjuførespurnader til Vestre til seniorrådgjevar Daniel Drageset (m. 994 14 051 / e-post dadr@hod.dep.no). Adressa til Brumunddal legesenter er Nygata 22B, 2380 Brumunddal.