Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsministeren besøker Sjukehuset Østfold, Kalnes – markerer at Stamnettet er ferdig
Nyheit | Dato: 23.02.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Tysdag 27. februar besøker helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol Sjukehuset Østfold, Kalnes. Der skal ho mellom anna markere at Stamnettet, som bind alle sjukehusa i landet saman, er ferdig.
Program
Kl 11.15 – 11.40: Helse- og omsorgsministeren blir tatt imot av konstituert administrerande direktør, Helge Stene-Johansen, og får ei omvising i grensesnittsrommet, det sentrale hovudkommunikasjonsrommet og driftssentralen hjå sjukehuset ved Hans Martin Hovengen, som er direktør for teknologi og e-helse ved Sjukehuset Østfold.
Kl 11.40 – 12.00: Kjerkol held innlegg i plenumssalen om viktigheita av at Stamnettet er fullført. Det blir deretter vist ein video om Stamnettet som Norsk helsenett har produsert. Konstituert administrerande direktør, Helge Stene-Johansen, vil fortelje om betydinga av Stamnettet for bruk av moderne teknologi i pasientbehandlinga.
Kl 12.15 – 14.15: Kjerkol besøker klinikk for psykisk helsevern og rusbehandling. Dei vil fortelje om deira arbeid om oppgåvedeling i lys av anbefalingane frå Helsepersonellkommisjonen, samt oppfølging av tvungen psykisk helsevern ved sjukehuset. Kjerkol får også ei omvising på klinikken ved klinikksjef Andreas Joner og får møte ein pasient.
Kontakt
- Presse er velkomen til å dekke besøket. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Daniel Drageset (mobil: 994 14 051 / e-post daniel.drageset@hod.dep.no) for førespurnader til Kjerkol.
- For førespurnader til Sjukehuset Østfold, kontakt kommunikasjonssjef Ingrid Winsnes Trømborg på mobil 995 52 155 eller e-post ingrid.tromborg@so-hf.no.
- For førespurnader til Norsk helsenett, kontakt kommunikasjon- og marknadsføringsleiar Mette Valle Sannes på mobil 977 85 400 eller e-post mette.valle.sannes@nhn.no.
- For førespurnader til Helse sør-aust RHF, kontakt IKT-direktør Rune Simensen på mobil 905 80 953 eller e-post rune.simensen@helse-sorost.no.