Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsministeren besøker Tromsø 19. mars
Nyheit | Dato: 15.03.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet
Tysdag 19. mars er helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i Tromsø for å opne Tromsøundersøkinga sine nye lokala, samt for å få innspel til regjeringa si komande stortingsmelding om sosial utjamning og sosial mobilitet.
Program
09.30 – 10.05: Opning av lokala for Tromsøundersøkinga si åttande datainnsamling
Stad: Sjølundvegen 3, Tromsø
Helse- og omsorgsministeren opnar dei nye lokala. Kjerkol skal også forsøke seg på nokre av testane som er ein del av Tromsøundersøkinga si datainnsamling.
11.30 – 15.00: Innspelsmøte om sosial utjamning og sosial mobilitet
Stad: Universitetet i Tromsø, Teorifagbygget Hus 1, U1
Helse- og omsorgsministeren opnar og deltar på møtet saman med kunnskapsministeren.
Presse som ønsker intervjuar med statsråden i høve programpostane, kan kontakte kommunikasjonssjef Susanne Moen Stephansen.