Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsministeren markerer byggestart av ny regional sikkerheitsavdeling
Nyheit | Dato: 06.10.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Måndag 9. oktober markerer helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol byggestart av ny regional sikkerheitsavdeling på Ila i Bærum.
Formålet med den nye sikkerheitsavdelinga er å gi betre og meir tilrettelagd behandling av sikkerheitspsykiatriske pasientar i trygge omgjevnader. Eit nytt bygg på Ila skal samle regional og lokal sikkerheit for psykiatri, regional seksjon for utviklingshemming/autisme (PUA) og regionalt kompetansesenter for sikkerheits,- fengsels- og rettspsykiatri under same tak.
Tid: Måndag 9. oktober kl. 11.00
Stad: Jøssingvn. 113, Eiksmarka i Bærum.
Kontaktperson i Helse- og omsorgsdepartementet i denne saka er Andreas Keus.