Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsministeren til Bergen og Bjørnafjorden 25. januar
Nyheit | Dato: 23.01.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Onsdag 25. januar skal helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøke Barnas Fysioterapisenter, sjå korleis Bergen kommune jobbar med Rask psykisk helsehjelp og opne det nye mottakskjøkenet på Luranetunet bu- og behandlingssenter i Bjørnafjorden.
Kl. 08.30 – 09.30: Besøk hos Barnas Fysioterapisenter
Omvising og møte med tilsette, pasientar og deira foreldre.
Stad: Solheimsgaten 9, Bergen
Kl. 10.00 – 11.00: Besøk hos Bergen kommune og Rask psykisk helsehjelp
Statsråden får ei omvising, orientering om tenesta og får møte fagfolk og brukarar.
Stad: Slottsgaten 3, Bergen
Kl. 13.00 – 15.25: Opning av nytt storkjøken på Luranetunet bu- og behandlingssenter i Bjørnafjorden kommune
Statsråden skal opne det nye kjøkenet og ete middag saman med tilsette og bebuarar. Ho skal også få ei orientering frå kommunen om korleis dei arbeider med fastlegetenesta i Bjørnafjorden.
Stad: Solstrandvegen 39, 5200 Os
Pressa er velkomen til å vere med på heile eller delar av besøket.
Kontaktperson er seniorrådgjevar Katarina Theis-Haugan. E-post kath@hod.dep.no, mobil 970 792 07.