Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsministeren til Bodø og Lofoten 9. mars

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

I Bodø held Ingvild Kjerkol innlegg på Fagforbundet sin sjukehuskonferanse og besøker «Torsdagskaffe» i regi av Bodø og Omegns Turistforening. I Lofoten besøker statsråden ACD Pharma og møter helsefagelevar frå Vest-Lofoten vidaregående skole.

Kl. 11.00: Innlegg på Fagforbundet sin sykehuskonferanse
Hovedtema for konferansen er «Psykiatri og rus». Kjerkol held innlegg på konferansen.
Stad: Scandic Havet, Tollbugata 5, 8006 Bodø

Kl. 12.00: Besøk på «Torsdagskaffe» i regi av DNT i Bodø
I løpet av mars legg regjeringa fram si folkehelsemelding. I meldinga er eldre og einsemd eit av temaa. Statsråden besøker «Torsdagskaffe» som er ein møteplass for hyggeleg sosialt samvær og open for alle. Slike møteplassar er eit viktig tiltak for å førebyggje einsemd.
Stad: Sjøgata 27, 8006 Bodø

Kl. 15.45: Besøk ved ACD Pharma
Statsråden besøker ACD Pharmas bakteriofag- og vaksinefabrikk som er under bygging på Leknes.
Stad: ACD PHARMA, Lofoten Bio Centre, Storeidøya 60, 8370 Leknes

Kl. 17.00 Møte med helsefagelever fra Vest-Lofoten videregående skule
Statsråden møter framtidas helsefagarbeidarar i høve helsepersonellkommisjonen si utgreeing og regjeringa sitt arbeid med å utdanne, rekruttere og behalde fleire fagfolk i vår felles helseteneste.
Stad: Vest-Lofoten videregående skole, Idrettsgata 64, 8370 Leknes 

Pressa er velkomen til å vere med på heile eller delar av besøket. Kontaktperson er seniorrådgjevar Eva Hongshagen. E-post evho@hod.dep.no, mobil 976 50 454.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.