Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsministeren til Molde og Ålesund 24. januar
Pressemelding | Dato: 23.01.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Ingvild Kjerkol skal besøke skulehelsetenesta i Ålesund, delta under Nasjonal veterankonferanse og høyre korleis Molde kommune jobbar med satsinga Barn og unges helseteneste.
Kl. 08.30 – 09.30: Besøk hos Molde kommune og Barn og unges helseteneste
Satsinga Barn og unges helseteneste blei rulla ut i Møre og Romsdal frå 2022. Det er eit verktøy for å hjelpe fagfolk til å gi barn og unge samanhengande hjelpetilbod, men det gir også informasjon til barn, unge og føresette om kor ein kan få hjelp. Statsråden møter tilsette og ungdom som fortel om korleis dei jobbar med dette i Møre og Romsdal og i Molde.
Stad: Barneblikk, Godtfred Lies plass 4, Molde
Kl. 10.00 – 11.45: Nasjonal veterankonferanse
Statsråden held innlegg og deltek i ein panelsamtale saman med forsvarsministeren og barne- og familieministeren.
Stad: Scandic seilet, Gideonvegen 2, Molde
Kl. 14.15 – 15.30: Besøk hos skulehelsetenesta ved Kolvikbakken ungdomsskole
Ingvild Kjerkol får omvising på skulen, og skal høyre om skulehelsetenesta sitt arbeid. Helsesjukepleiarar, elevar og tilsette ved skulen møter statsråden.
Stad: Kolvikbakken ungdomsskole, Nørvegata 57, Ålesund
Pressa er velkomen til å vere med på heile eller delar av besøket.
Kontaktperson er seniorrådgjevar Katarina Theis-Haugan. E-post kath@hod.dep.no, mobil 970 792 07.
For deltaking på Nasjonal veterankonferanse, kontakt Jostein Røraas i Forsvarets kommunikasjon, mobil 408 28 211.