Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsministeren til Skien fredag 6. januar
Nyheit | Dato: 04.01.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Ingvild Kjerkol opnar nytt tilbod til ME-sjuke, får ei omvising på den nye interkommunale legevakta og besøker ein helsestasjon for ungdom.
Kl. 10.30 – 11.30: Skien helsehus
Skien har som ein av landets første kommunar bestemt å opne eit eige omsorgstilbod til alvorleg ME-sjuke. Statsråden føretar den offisielle opninga og får ei orientering om tilbodet. Deretter får Kjerkol omvising på den nye interkommunale legevakta.
Stad: Skien helsehus, Ulefossveien 51.
Kl. 12.00 – 13.00: Helsestasjon for ungdom:
Skien har eigen helsestasjon for ungdom frå 13 til 23 år. Her kan ungdom få hjelp av helsesjukepleiar, lege og psykolog. Statsråden får ei omvising og skal høyre korleis helsestasjonen jobbar for å førebygge psykiske helseplagar blant unge. Kjerkol skal treffe ungdom og tilsette.
Stad: Torggata 10, inngang Skistredet, 3. etasje
Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for intervju.