Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsministeren til Trondheim 10. mars

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

I Trondheim får statsråden overlevert ein rapport om sosial ulikskap i Norge. Rapporten utgjer eit viktig grunnlag for den komande folkehelsemeldinga.

I tillegg opnar statsråden vernepleierutdanninga sitt 50-årsjubileum ved NTNU, besøker helseteknologibedrifta Vital Things og arbeidsrehabiliteringstilbodet Fontenehuset i Trondheim.

Kl. 09.00: Opning av vernepleierutdanninga ved NTNU sitt 50-årsjubileum
Statsråden held åpningsinnlegg.
Stad: NTNU, Campus Øya ved St. Olavs hospital

Kl. 10.00: Besøk ved Vital Things
Vital Things er eit selskap innan helseteknologi. Statsråden får ei omvising og har samtalar om korleis helseteknologi kan bidra til å løyse utfordringane i helsesektoren.
Stad: Vital Things, Dybdahls veg 5

Kl. 12.00: Fagseminar der statsråden mottar rapport om sosiale helseskilnader i Noreg
I samband med folkehelsemeldinga har regjeringa bestilt ein rapport frå eit av verdas fremste forskarmiljø på sosial ulikskap. Statsråden får overlevert rapporten i høve eit fagseminar om samme tema. Den internasjonalt anerkjende helseforskaren Sir Michael Marmot overleverer rapporten. Rapporten utgjer eit viktig grunnlag for folkehelsemeldinga.
Stad: NTNU, Campus Kalvskinnet, Auditorium A001 I Akrinn

Kl. 15.15: Besøk ved Fontenehuset
Fontenehuset er eit lågterskel arbeidsrehabiliteringstilbod for menneske med psykiske helseutfordringar i heile Noreg. Statsråden besøker Fontenehuset i Trondheim.
Stad: Dronningens gate 15

Pressa er velkomen til å vere med på heile eller delar av besøket. Kontaktperson er seniorrådgjevar Eva Hongshagen. E-post evho@hod.dep.no, mobil 976 50 454.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.