Helseberedskapsmeldinga blei lansert fredag 24. november
Nyheit | Dato: 27.11.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa la fredag 24. november fram Noregs første stortingsmelding om helseberedskap. I meldinga gir regjeringa politisk og strategisk retning for norsk helseberedskap. Det betyr at førebygging og beredskap må få auka prioritet i helsetenesta.
Lansering Helseberedskapsmeldingen
![Sjå sendinga her](https://video.regjeringen.no/player24/data/video/5b901056-9a19-4ba6-a768-2382e676528e/thumbs/ef818abb-d84c-48d0-b1ce-895702025cd6.png)
Sjå sendinga her
Dette er den første meldinga til Stortinget om helseberedskap. Regjeringa vil med meldinga sikre ein motstandsdyktig helseberedskap som har som formål å vareta og verne liv og helse.
I meldinga blir det vist til at vi har vore gjennom tre år med pandemi, og at vi står overfor eit meir samansett og krevjande trusselbilde.