Helsepersonellkommisjonen legg fram si utgreiing torsdag 2. februar
Pressemelding | Dato: 30.01.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) vil torsdag 2. februar motta NOU-en frå regjeringa sin Helsepersonellkommisjon. Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) deltar også ved overleveringa.
Helsepersonellkommisjonen legg fram si utgreiing
Sjå sendinga her
Regjeringa sin helsepersonellkommisjon har utarbeida ei heilskapleg og kunnskapsbasert vurdering av behova for personell og kompetanse i helse- og omsorgstenestene fram mot 2040. Den har også foreslått tiltak for å utdanne, rekruttere og behalde kvalifisert personell i heile landet, for å møte utfordringane i helse- og omsorgstenestene både på kort og lang sikt.
På torsdag skal helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol motta NOU 2023: 4. Tid for handling. Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste frå leiaren i kommisjonen.
Utvalet har vore leia av Gunnar Bovim, tidlegare rektor ved NTNU og administrerande direktør i Helse Midt-Noreg RHF.
Tid: Klokka 11:00 - 12:00.
Stad: Marmorhallen, Kongens gate 18-20 (Klima- og miljødepartementet)
Media er velkomen til å delta og statsrådane er tilgjengelege for presse i etterkant av overleveringa.
Pressekontakt for Kjerkol: Kommunikasjonsrådgiver Elisabeth Johansen.
Pressekontakt for Borten Moe: Kommunikasjonsrådgiver Johanne Severinsen.
Strauming:
Arrangementet blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.