Heving av maksimale tilskotssatsar for investeringstilskot i landbruket frå 2023

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Landbruks- og matdepartementet har i dag fastsett endringar i forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. I

I årets jordbruksoppgjer blei Jordbruksavtalepartane bl.a. samde om å heve maksimalt tak for tilskot for investeringar i produksjonsanlegg til inntil 3,5 millionar kroner og inntil 40 prosent av godkjent kostnadsoverslag for investeringa. Maksimale tilskotssatsar har ikkje vore heva sidan 2017 og endringa gjer at Innovasjon Norge har høve til gje meir i tilskot i investeringsprosjekt frå 2023. Det store omstillingsbehovet som følgje av overgang frå båsfjøs til lausdriftsfjøs i mjølke- og storfeproduksjonen er ei viktig grunngjeving for endringa.