Hilde Singsaas blir ny direktør i Miljødirektoratet

Hilde Singsaas er i statsråd i dag åremålsbeskikka som direktør for Miljødirektoratet for ein periode på seks år.

– Hilde Singsaas har brei erfaring frå ulike administrative og politiske roller, og vi er glade for at ho skal leie Miljødirektoratet i åra framover, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.

Hilde Singsaas (52 år) har vore direktør i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) sidan august 2017. Då kom ho frå stillinga som direktør i arbeidsgivarforeininga Spekter.

Singsaas var kommunikasjonsdirektør i Noregs Bank frå 2013–2015. Frå tidlegare har ho vore statssekretær i Finansdepartementet (2009–2013) og ved Statsministerens kontor (2006–2009). Frå 2005–2006 var ho rådgivar i Noregs Røde Kors, og frå 2002 til 2005 var ho rådgivar i ECON.  Ho har òg vore politisk rådgivar ved Statsministerens kontor (2000–2001), i Arbeidarpartiets stortingsgruppe (1997–2000) og i Barne- og familiedepartementet (1996–1997).

Singsaas er utdanna cand.polit. med hovudfag i statsvitskap (1997) frå Universitetet i Oslo og har også ein bachelor i samfunnsøkonomi (2017) frå Universitetet i Oslo.

Singsaas tek over stillinga etter Ellen Hambro. 

Hilde Singsaas tiltrer på det tidspunktet Klima- og miljødepartementet bestemmer.