Statsbudsjett 2024
Historisk satsing på grøn omstilling av næringslivet
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa vil spele på lag med norske bedrifter og bidra til at dei lukkast med å gripe moglegheitene som ligg i den grøne omstillinga. I statsbudsjettet for 2024 lanserer regjeringa ei rekke tiltak som skal få fart på det grøne skiftet.
– Norske bedrifter skal gjennom den største omstillinga i historia. Derfor foreslår regjeringa nå i haust ei historisk styrking av verkemidla. Det er nødvendig for at vi skal nå målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050. Vi skal gjere alt vi kan for å legge til rette for at norske bedrifter kan ta del i dei betydelege moglegheitene som det grøne skiftet gir. Eg gler meg allereie til den dagen vi kan seie «eit grønare næringsliv enn i Noreg skal du leite lenge etter», seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Regjeringa vil legge til rette for at næringslivet dreier sine aktivitetar mot meir klima- og miljøvenlege løysingar. Regjeringa foreslår derfor ei rekke tiltak i statsbudsjettet som skal få fart på omstillinga, eksportinnsatsen og industriutviklinga i heile landet. Tiltaka følger opp regjeringa sine ambisjonar i mellom anna satsinga på gründerar, «Verkemiddelapparatet 2.0» og «Éin veg inn», Grønt industriløft, batteristrategien, mineralstrategien, eksportreforma «Heile Noreg eksporterer» og Vegkartet for helsenæringa, og er ei del av regjeringa sitt grøne industriløft.
Styrkar verkemidla for grøn omstilling
Regjeringa foreslår ei historisk styrking av verkemiddel for grøn omstilling gjennom ei styrking av mellom anna låneordningar, garantiar, og tilskot til næringslivet. Denne satsinga er ei konkret oppfølging av dei grøne tiltaka for raskare omstilling som næringsministeren la fram før sommaren, og ei del av regjeringa sitt grøne industriløft.
–Privat kapital skal lede an, men fellesskapen skal òg stille opp. Vi har lytta til gode innspel frå norske næringsaktørar og legg i haust fram ei omfattande styrking av viktige verkemiddel. Dette er aktiv næringspolitikk i praksis, seier Vestre.
Batterimilliard
- Vi prioriterer ei satsing på utvikling av banebrytande teknologi innanfor den norske batteriverdikjeda for å legge til rette for at norske aktørar blir ein integrert del av den europeiske verdikjeda for batteri, seier Vestre.
Regjeringa vil legge til rette for at Innovasjon Noreg kan gi innovasjonstilskot til teknologiprosjekt av felleseuropeisk interesse innanfor batteriverdikjeda. Prosjektstøtta vil ha ei samla øvre ramme på éin milliard kroner over fem år. Tiltaket er ledd i oppfølginga av Grønt industriløft og batteristrategien som regjeringa har lagt fram tidlegare.
Følgjer opp mineralstrategien
– Verdas etterspørsel etter mineral og metall som trengs til den grøne og digitale omstillinga vil fortsette å auke kraftig. Derfor trenger vi ny lønnsam og berekraftig utvinning og produksjon av mineralske råvarer. Her kan Noreg spele ei større rolle enn i dag. For å utnytte potensialet er det behov for meir kartlegging, raskare realisering av mineralprosjekt, og meir forsking, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Regjeringa foreslår å auke løyvingane til vidare oppfølging av mineralstrategien med til saman 15 millionar kroner. Av dette skal fem millionar kroner gå til arbeidet i Noregs geologiske undersøking med kartlegging av kritiske mineral og fem millionar kroner til Forskingsrådet for å legge til rette for berekraftig mineralforvaltning. Fem millionar kroner er foreslått løyvd til Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard for å legge til rette for raskare realisering av mineralprosjekt.
Styrker satsinga på eksportfremme
- Vi skal auke eksporten utanom olje og gass med 50 prosent innan 2030. For å nå dette målet prioriterer vi pengar til å utvikle strategiske eksportsatsingar for utvalde sektorar. Vi sørger òg for at Eksfin har tilstrekkelege musklar slik at norske eksportørar får like gode konkurransevilkår som eksportørar i andre land, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til eksportsatsingar med 45 millionar kroner i 2024. Pengane skal gå til å gjennomføre eksportsatsingane under eksportreforma Heile Noreg eksporterer. Målet er å auke eksporten utanom olje og gass med 50 prosent innan 2030. Totalt foreslår regjeringa å løyve 94,7 millionar kroner til eksportfremmesatsingar i 2024.
Regjeringa foreslår òg å auke garantirammene under Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) med ti milliardar kroner, med moglegheit for ytterlegare ti milliardar kroner i auke dersom det blir nødvendig, for at Eksfin framleis skal kunne bidra til den grøne omstillinga i næringslivet.
Ei nasjonal merkeordning for berekraftige norske produkt
- Gjennom eksportreforma «Heile Noreg eksporterer» legg vi nå til rette for at eksportbedrifter med produksjon i Noreg får tilgang til eit registrert merke, som viser at produktet er «Made in Norway». Merket skal fremme norsk kvalitet internasjonalt og bidra til auka betalingsvilje for norske berekraftige løysingar, produkt og tenester, seier Vestre.
Bedrifter som ønskjer å nytte merket må kunne vise til at løysinga har ein plass i nullutsleppssamfunnet, at det bidrar til minst eitt av FNs berekraftsmål, og at løysinga ikkje er til skade på nokon av dei seks miljømåla til EU.
Regjeringa foreslår å øyremerke 14 millionar kroner over Innovasjon Noreg sitt budsjett for å sette i verk merkeordninga.
Forsking for grøn omstilling i næringslivet
– Forsking, utvikling og innovasjon er avgjerande for at norske verksemder skal hevde seg på den internasjonale marknaden, og for at vi skal nå dei ambisiøse klimamåla vi har sett oss. Vi må førebu oss på ei stor omstilling i næringslivet, og regjeringa vil legge til rette for ei slik omstilling blant anna gjennom styrkt innsats på forsking og utvikling, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Regjeringa forslår i statsbudsjettet for 2024 å auke løyvingane til næringsretta forsking for grøn omstilling og teknisk-industrielle institutt gjennom Noregs Forskingsråd med over 100 millionar kroner. Satsinga inkluderer fem millionar kroner til oppfølging av mineralstrategien.
Meir støtte til gründerar
– Skal vi lykkast med ei berekraftig omstilling av næringslivet er nyskapande bedrifter avgjerande. Målet vårt er at oppstartsverksemder skal overleve over tid og vekse seg store, raskt. Vi treng fleire norske einhyrningar, det vil si oppstartsbedrifter som på rask tid blir verde over ein milliard dollar. Desse selskapa kan bidra med nye, smarte måtar å løyse ting på, som er særleg viktig i det grøne og digitale skiftet, og for verdiskaping og velferd. I gründerpanel og på innspelsmøte for gründerar blei det peikt på tilgang til meir kapital. Derfor styrker vi nå Innovasjon Noreg og har øyremerka midlane til gründersatsinga, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
I budsjettforslaget foreslår regjeringa ei gründerpakke på 220 millionar kroner. Av desse går 70 millionar kroner til ei styrking av Innovasjon Noreg sine ordningar for etablerarar og vekstselskap. I tillegg foreslår regjeringa å sette av totalt 150 millionar kroner til investeringar i tidlegfasebedrifter gjennom Investinor. Dette er ei styrking på åtte millionar kroner samanlikna med tidlegare år.
Satsing på Katapult-ordninga til Siva
- Katapult-ordninga til Siva gir bedrifter høve til å teste nye løysingar for å gi raskare industriell vekst og utvikling i Noreg. Ei satsing på ordninga vil gi bedriftene eit betre tilbod i arbeidet med å utvikle grøne løysingar for framtida, seier næringsminister Vestre.
Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til testfasilitetar gjennom Katapult-ordninga til Siva med 26 millionar kroner. Pengane skal mellom anna dekke nødvendig oppgradering av teknisk infrastruktur, maskiner og utstyr til testfasilitetane for at dei skal vere relevante og attraktive for bedrifter. Pengane skal òg dekke Siva sitt arbeid med å greie ut korleis helsenæringa i større grad kan få nytte av Katapult-ordninga, arbeidet med ei nasjonal satsing innanfor legemiddelproduksjon og for å komme vidare i arbeidet med eit mogleg nasjonalt Industri 4.0-program for automatisering og digitalisering i industrien.
Styrkar DOGA si satsing på design og arkitektur
– Design og arkitektur kan spele ei viktig rolle for å realisere det grøne skiftet, og bidra til at dei store grøne industrietableringane ikkje berre skaper nye arbeidsplassar, men også fremmer sosial og miljømessig berekraft, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Regjeringa gjer framlegg om totalt 4,5 millionar kronar meir til DOGA (Design og arkitektur Norge), mellom anna til å utvikle kunnskaps- og inspirasjonsmateriell om korleis design og arkitektur kan nyttast til å skape grøne industrietableringar. Tiltaket er ein del av Grønt industriløft. Midlane skal også nyttast til oppfølging av det nordiske samarbeidet om design.
Regjeringa vil gjere offentleg pengebruk grønare
- Om vi bruker innkjøpsmuskelen riktig, kan offentlege innkjøp bidra til grøne, innovative løysingar som kjem til nytte både for offentleg og privat sektor, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Direktoratet for forvalting og økonomistyring (DFØ) med ti millionar kroner. I 2022 kjøpte det offentlege bygge- og anleggsarbeid, varer og tenester for over 740 milliardar kroner. Korleis desse pengane blir brukt, påverkar marknadsåtferda til private verksemder og kor grøn og innovativ offentleg sektor og næringslivet blir. Arbeidet i DFØ skal auke kompetansen til oppdragsgivarane slik at offentlege anskaffingar bidrar til grøn omstilling. Denne satsinga vil forsterke det eksisterande kompetansemiljøet, som kan hjelpe oppdragsgivarar på alle nivå med oppfølging og rettleiing.
Nasjonal database for grunnundersøkingar
- Databasen gir eit godt grunnlag for å vurdere grunnforhold, og gjenbruk av denne type data er viktig ved beredskap og krisehandtering i samband med naturfare. Vidareutvikling av databasen skal legge til rette for auka deling og gjenbruk av data, seier Vestre.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Noregs geologiske undersøking med fem millionar kroner for å vidareutvikle Nasjonal database for grunnundersøkingar (NADAG).
Styrking av Konkurransetilsynet
- Velfungerande konkurranse er ein viktig drivar for berekraftig utvikling. Eit aktivt konkurransetilsyn og effektiv handheving av konkurranselova er viktig for å stimulere til grøn omstilling og innovasjon, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til Konkurransetilsynet med seks millionar kroner. Auken skal styrke Konkurransetilsynet si rolle i den grøne omstillinga gjennom meir effektiv konkurranse. Pengane skal òg styrke daglegvaresatsinga og arbeidet med digitalisering i tilsynet.
Grøne investeringar gjennom Nysnø og Siva Eigedom
I tillegg til tiltaka som regjeringa legg fram i budsjettforslaget for 2024, varsla regjeringa i Vegkartet 2.0 for Grønt industriløft ein betydeleg auka kapitaltilførsel til Nysnø og Siva.
Regjeringa vil kome tilbake til dette i nysalderinga av 2023-budsjettet.
Verkemiddelapparatet 2.0
I 2024 vil regjeringa òg fortsette vidareutviklinga av det næringsretta verkemiddelapparatet og dreiinga mot grøn omstilling gjennom verkemiddelapparatet. Regjeringa vil mellom anna betre brukarvenlegheita i verkemiddelapparatet gjennom å vidareføre arbeidet med reforma «Éin veg inn», som er ein felles digital inngang til verkemiddelapparatet. I tillegg vidarefører regjeringa hovudprinsippet om at prosjekt som mottar støtte gjennom verkemiddelapparatet, skal ha ein plass på vegen mot omstillingsmålet for 2030 og at Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050.
- For å utløyse meir grøn og verdiskapande næringsutvikling i heile landet må det næringsretta verkemiddelapparatet vere enkelt å bruke. Arbeidet med Verkemiddelapparatet 2.0 skal mellom anna gi næringslivet éin veg inn til verkemidla, og føre til ein godt samkøyrd innsats retta mot grøn omstilling og grøne industrietableringar, seier Vestre.
Utvalde grøne tiltak i regjeringa sitt budsjettforslag
- 10 milliardar kroner i auka garantiramme under Eksfin.
- Totalt 1 milliard kroner over 5 år til innovasjonstilskot til teknologiprosjekt av felleseuropeisk interesse innanfor batteriverdikjeda. Midla vil bli forvalta av Innovasjon Noreg.
- 1 milliard kroner i auke ramme for Lågrisikolåneordninga under Innovasjon Noreg.
- Totalt 102 millionar kroner meir til næringsretta forsking for grøn omstilling og grunnløyving til teknisk-industrielle institutt gjennom Forskingsrådet, inkludert 5 millionar kroner til oppfølging av mineralstrategien.
- 220 millionar kroner til ei gründerpakke
- Totalt 15 millionar kroner meir til oppfølging av mineralstrategien til regjeringa.
- 45 millionar kroner meir til eksportfremmesatsingar gjennom Heile Noreg eksporterer.
- Totalt 26 millionar kroner meir til testfasilitetar gjennom Siva.
- 10 millionar kroner meir til arbeidet med grøne anskaffingar i Direktoratet for forvalting og økonomistyring.
- 6 millionar kroner til Konkurransetilsynet si rolle i grøn omstilling og til dagligvaresatsinga og arbeidet med digitalisering i tilsynet.
- Totalt 4,5 millionar kronar meir til DOGA, mellom anna til å utvikle kunnskaps- og inspirasjonsmateriell om korleis design og arkitektur kan nyttast til å skape grøne industrietableringar.
- I tillegg har regjeringa varsla ein betydeleg auka kapitaltilførsel til Nysnø og Siva. Regjeringa vil kome tilbake til dette i nysalderinga av 2023-budsjettet.