Historisk utanriksministermøte i Nato
Nyheit | Dato: 03.04.2024 | Utanriksdepartementet
Utanriksministermøtet i Nato 3. og 4. april har Ukraina, Kina og forholdet til landa i sør blant hovudtemaa. Utanriksministrane skal òg markere Nato sin 75-årsdag.
Utanriksministermøtet er historisk. Det er første gong Sverige deltek i eit formelt Nato-møte som alliert.
– For oss i Noreg gir dette heilt nye moglegheiter i forsvarssamarbeidet, spesielt i nord. Med Sverige som medlem er heile Norden samla i Nato, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Det blir òg markert at det er 75 år sidan forsvarsalliansen blei oppretta.
Hovudformålet med utanriksministermøtet er å førebu jubileumstoppmøtet i Washington i juli. Det er semje om tre hovudprioriteringar for toppmøtet: Ukraina, forsvar og avskrekking, og Kina, motstandskraft og samarbeid med stillehavspartnarane.
Generalsekretær Stoltenberg har, koordinert med USA, fremja forslag om at Nato gradvis tek på seg større ansvar og fleire oppgåver når det gjeld den militære støtta til Ukraina. Ei styrka koordineringsrolle for Nato kan bidra til betre byrdefordeling mellom Nato-landa og at støtta sest i samanheng med kapasitetsbygginga som allereie går føre seg i Nato-regi, ikkje minst gjennom «Comprehensive Assistance Package» (CAP). Under forsvarsministermøtet i februar blei det semje om skiping av eit felles Nato-ukrainsk analyse-, trenings- og utdanningssenter (JATEC) med sete i Polen, som ein leveranse til toppmøtet.
– Nato er i ein unik posisjon til å koordinere støtta til Ukraina. Noreg står saman med forbundsfellane våre i å støtte dette, seier utanriksminister Eide.
På andre dagen på møtet blir det møte i Nato-Ukraina-rådet (NUC) med utanriksminister Dmytro Kuleba, som vil vere til stades. Kuleba vil gi ei oppdatering på situasjonen og informere om kva slags støtte Ukraina treng på kort og lengre sikt.
– Dette blir eit høve til, endå ein gong, å understreke bodskapen om den urokkelege støtta allierte har til Ukraina. Den nye tryggingspolitiske verkelegheita som Russland sin ulovlege angrepskrig har skapt, gjer det nødvendig å styrkje det kollektive forsvaret vårt. Det gjer vi aller best ved å sikre truverdig avskrekking. Noreg skal levere på løfta våre og bidra sterkt til det felles forsvaret vårt, seier Espen Barth Eide i forkant av Nato-møtet.
– Eit rekordhøgt tal allierte, inkludert Noreg, vil i år bruke minst 2 prosent av BNP på forsvarsutgifter. Dette er ei investering i freden og fridommen vår, seier han.
Krigen i Gaza, trusselen mot skipsfart i Raudehavet og uro i Sudan og Sahel blir òg tema under utanriksministermøtet.
– Situasjonen i desse områda påverkar europeisk tryggleik. Vi blir tryggare ved godt samarbeid med land i sør. Det er viktig å forstå deira tryggingsutfordringar og bekymringar, slik at dei òg forstår våre, seier utanriksminister Eide.
Kina vil òg bli diskutert.
– Vi oppmodar Kina til å ta avstand frå Russlands krigføring og avstå frå alle støtter til den russiske angrepskrigen. Dette er viktig ikkje berre for Ukraina, men også for tryggleiken vår, seier utanriksministeren.