Høgare vågekvalkvote i 2025
Pressemelding | Dato: 10.02.2025 | Nærings- og fiskeridepartementet
Fiskeri- og havministeren har fastsett ein kvote på 1406 vågekval i 2025, ein auke på 249 frå året før.
– Norsk hvalfangst er berekraftig, strengt regulert, og vågekvalbestanden er i svært god forfatning. Noreg bruker effektive og dyrevelferdsvennlege fangstmetodar, og kvalens store fiskekonsum påverkar økosystemet. Kvalfangst bidrar derfor til balanse i havet. For å nå FNs berekraftsmål må vi òg ete meir sjømat, og kvalfangst gir sunn og kortreist mat, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Berekraftig fangst
Det finst meir enn 100 000 vågekval i Nord-Atlanteren. Kvoten for 2025 er på 1406 vågehval, ein auke frå fjorårets kvote på 1157 dyr. Auken kjem av ubrukt kvote frå tidlegare år, som er overført til 2025.
I 2024 deltok 11 fartøy, og fangsten var på 415 dyr. Dette er ein auke i talet på fartøy, men ein nedgang i fangst samanlikna med året før.
Kvoten er fastsett med utgangspunkt i utrekningsmodellar frå vitskapskomiteen i Den internasjonale hvalfangstkommisjonen (IWC). Desse modellane sikrar ei berekraftig forvaltning av vågekvalbestanden.