Statsbudsjettet 2025

Høge løyvingar og tydelege prioriteringar for høgare utdanning og forsking

I budsjettet for 2025 foreslår regjeringa å løyve 46,4 milliardar kroner til universiteta og høgskulane. Regjeringa foreslår ei samla løyving til forsking og utvikling på 48,5 milliardar kroner. Dette plasserer Noreg i verdstoppen på offentleg finansiert utdanning og forsking.

– Kunnskap og kompetanse er heilt avgjerande for framtida til heile Noreg. Skal vi møte alle dei utfordringane vi står overfor i åra som kjem, er vi heilt avhengige av høgare utdanning, forsking og utvikling. Vi satsar på den kompetansen vi har størst behov for i framtida, vi bygger teknologisk infrastruktur og vi rustar Noreg for framtida, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).  

Regjeringa held oppe eit høgt nivå på rammeløyvinga til universiteta og høgskulane. I tillegg prioriterer regjeringa fleire målretta satsingar, som nye studieplassar i IKT, medisin, veterinærmedisin og barnehagelærarutdanning, samt ei styrking av desentralisert og fleksibel utdanning.

– No er vi tilbake på normalnivået for pengebruken før pandemien og dei ekstraordinære tiltaka då. Vi held fram å vere i verdstoppen av offentleg finansiert høgare utdanning og forsking, seier Hoel.

Satsar på forsvar, kvanteteknologi og kunstig intelligens

– Regjeringa vil oppretthalde eit høgt nivå på forskingsfinansieringa. Vi prioriterer i tillegg fleire større forskingssatsingar i neste års budsjett. Mellom anna satsar vi stort på forsking og utvikling i forsvarssektoren. I tillegg satsar vi på område som kvanteteknologi og utvikling av norske og samiske språkmodellar. Med dette statsbudsjettet legg vi grunnlaget for den nasjonale, teknologiske infrastrukturen vi treng i framtida, seier Hoel.

Samla forsking og utvikling (FoU)

Regjeringa foreslår å løyve 48,5 milliardar kroner til forsking og utvikling (FoU) i 2025-budsjettet. Delar av dette skriv seg frå rammeløyvinga til universitet og høgskular som har FoU som ein del av samfunnsoppdraget Det er ein nominell auke på om lag 180 millionar kroner frå 2024-budsjettet, og svarer til ein realnedgang på 3,5 prosent. Nedgangen skriv seg i hovudsak frå tekniske endringar, som til dømes lågare løyvingsbehov til Noregs kontingent til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon på grunn av endra valutakurs og lågare proporsjonalitetsfaktor. Medrekna Skattefunn, er FoU-løyvingane på om lag 52,2 milliardar kroner. FoU som andel av BNP blir anslått til 0,89 prosent ekskludert Skattefunn, og 0,96 prosent inkludert Skattefunn. Tala er førebelse anslag og dermed usikre.

Viktige forskingssatsingar i 2025:

  • Ei storstilt satsing på FoU i oppfølginga av langtidsplanen for forsvarssektoren.
  • Forsking på kvanteteknologi, som fullt opptrappa vil utgjere 70 millionar kroner i året.
  • Forsking på høgare yrkesfagleg utdanning og fag- og yrkesopplæring, som fullt opptrappa vil utgjere 25 millionar kroner i året.
  • Forsking og utvikling om korleis vi kan omstille transportsystemet (Transport 2050), som fullt opptrappa vil utgjere 24 millionar kroner i året.
  • 15 millionar kroner til samfunnsoppdraget om berekraftig fôr.

Universitet og høgskular:

Regjeringa foreslår 46,4 milliardar kroner i rammeløyving til universitet og høgskular i 2025. Sjølv om det for sektoren samla er ein realnedgang på 1,3 prosent samanlikna med 2024, er det ein realvekst på 0,2 pst. samanlikna med 2019, det vil seie før pandemitiltaka. Det er berre fem andre land i OECD som bruker meir på høgare utdanning samanlikna med brutto nasjonalprodukt (BNP) enn Noreg. Og det er berre sju andre OECD-land med ein like stor del av dei unge vaksne som har høgare utdanning.

120 millionar meir til desentralisert og fleksibel utdanning

– Vi held fram med å levere på ei av dei viktigaste satsingane til regjeringa: kunnskap og kompetanse i heile landet. Det er heilt naudsynt for å ta Noreg framover. I fjor auka vi rammeløyvinga til universitet og høgskular med 200 millionar kroner for å styrke det det fleksible og desentraliserte utdanningstilbodet. Det var ein del av ei flytting av midlar frå søknadsbaserte ordningar. Neste år foreslår vi å auke potten med 120 millionar kroner for å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire gjennom å styrke det desentraliserte og fleksible tilbodet, seier Oddmund Hoel.

Midlane blir fordelte dels ut frå i kva grad dei faste campusane kan styrke tilbodet i regionar med dårlegare tilgang til høgare utdanning, og dels ut frå omfanget av desentralisert undervisning.

(i 1000 kroner)

Institusjon

2024

2025

Totalt

HINN

 21 000

12 000

33 000

HiM

 4 200

1 500

5 700

HiØ

 4 000

3 400

7 400

HVO

 5 000

3 400

8 400

HVL

 19 100

11 800

30 900

NU

 18 700

11 500

30 200

NHH

 2 900

600

3 500

NIH

 700

-

700

NMBU

 2 700

1 300

4 000

NTNU

 21 900

13 100

35 000

OM

 11 100

8 800

19 900

SA

 500

400

900

UiA

 13 300

10 700

24 000

UiB

 6 100

3 100

9 200

UiS

 8 100

5 800

13 900

USN

 15 100

9 200

24 300

UiT

 38 500

20 800

59 300

HK

 1 000

-

1 000

DMMH

 400

300

700

LDH

 300

-

300

MF

 300

-

300

NLA

 500

600

1 100

VID

 4 600

1 700

6 300

Sum

 200 000

120 000

320000

325 nye studieplassar

Både i 2023 og 2024 blei det lyst ut rekordmange studieplassar. I budsjettforslaget legg regjeringa opp til eit høgt nivå også i 2025. Regjeringa si satsing inneber 24,3 millionar kroner til 325 nye studieplassar.

–  Vi prioriterer utdanningar som dekker dei aukande kompetansebehova i heile Noreg. Slik møter vi kompetansemangelen som vi særleg merkar i distrikta. Neste år aukar vi kapasiteten i medisin, IKT og veterinærmedisin, og vi legg til rette for å kvalifisere fleire av dei som i dag jobbar i barnehage, men manglar utdanning, seier Oddmund Hoel.

  • 100 nye studieplassar i IKT. Dei blir fordelte til Universitetet i Oslo (20), Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (20), OsloMet - storbyuniversitetet (15), Universitetet i Søraust-Noreg (15), Universitetet i Bergen (10), Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (10) og Universitetet i Agder (10).
  • 50 nye studieplassar i medisin. Desse går til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet for tilbod i Ålesund og Levanger (15), Universitetet i Oslo for tilbod i Innlandet (15) og Universitetet i Bergen for tilbod i Førde (20).
  • 10 nye studieplassar på veterinærutdanninga på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Desse kjem på toppen av dei 10 studieplassane som kom i revidert budsjett for 2024.
  • 165 nye studieplassar til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. Midlane blir fordelte mellom Høgskolen i Innlandet (10), Høgskulen på Vestlandet (20), Nord universitet (10), OsloMet – storbyuniversitetet (35), Universitetet i Søraust-Noreg (10), Universitetet i Agder (20), Høgskulen i Volda (20), Dronning Mauds Minne Høgskole (30) og Steinerhøyskolen (10).