Statsbudsjettet 2025
Høge løyvingar og tydelege prioriteringar for høgare utdanning og forsking
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Kunnskapsdepartementet
I budsjettet for 2025 foreslår regjeringa å løyve 46,4 milliardar kroner til universiteta og høgskulane. Regjeringa foreslår ei samla løyving til forsking og utvikling på 48,5 milliardar kroner. Dette plasserer Noreg i verdstoppen på offentleg finansiert utdanning og forsking.
– Kunnskap og kompetanse er heilt avgjerande for framtida til heile Noreg. Skal vi møte alle dei utfordringane vi står overfor i åra som kjem, er vi heilt avhengige av høgare utdanning, forsking og utvikling. Vi satsar på den kompetansen vi har størst behov for i framtida, vi bygger teknologisk infrastruktur og vi rustar Noreg for framtida, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Regjeringa held oppe eit høgt nivå på rammeløyvinga til universiteta og høgskulane. I tillegg prioriterer regjeringa fleire målretta satsingar, som nye studieplassar i IKT, medisin, veterinærmedisin og barnehagelærarutdanning, samt ei styrking av desentralisert og fleksibel utdanning.
– No er vi tilbake på normalnivået for pengebruken før pandemien og dei ekstraordinære tiltaka då. Vi held fram å vere i verdstoppen av offentleg finansiert høgare utdanning og forsking, seier Hoel.
Satsar på forsvar, kvanteteknologi og kunstig intelligens
– Regjeringa vil oppretthalde eit høgt nivå på forskingsfinansieringa. Vi prioriterer i tillegg fleire større forskingssatsingar i neste års budsjett. Mellom anna satsar vi stort på forsking og utvikling i forsvarssektoren. I tillegg satsar vi på område som kvanteteknologi og utvikling av norske og samiske språkmodellar. Med dette statsbudsjettet legg vi grunnlaget for den nasjonale, teknologiske infrastrukturen vi treng i framtida, seier Hoel.
120 millionar meir til desentralisert og fleksibel utdanning
– Vi held fram med å levere på ei av dei viktigaste satsingane til regjeringa: kunnskap og kompetanse i heile landet. Det er heilt naudsynt for å ta Noreg framover. I fjor auka vi rammeløyvinga til universitet og høgskular med 200 millionar kroner for å styrke det det fleksible og desentraliserte utdanningstilbodet. Det var ein del av ei flytting av midlar frå søknadsbaserte ordningar. Neste år foreslår vi å auke potten med 120 millionar kroner for å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire gjennom å styrke det desentraliserte og fleksible tilbodet, seier Oddmund Hoel.
Midlane blir fordelte dels ut frå i kva grad dei faste campusane kan styrke tilbodet i regionar med dårlegare tilgang til høgare utdanning, og dels ut frå omfanget av desentralisert undervisning.
(i 1000 kroner)
Institusjon |
2024 |
2025 |
Totalt |
HINN |
21 000 |
12 000 |
33 000 |
HiM |
4 200 |
1 500 |
5 700 |
HiØ |
4 000 |
3 400 |
7 400 |
HVO |
5 000 |
3 400 |
8 400 |
HVL |
19 100 |
11 800 |
30 900 |
NU |
18 700 |
11 500 |
30 200 |
NHH |
2 900 |
600 |
3 500 |
NIH |
700 |
- |
700 |
NMBU |
2 700 |
1 300 |
4 000 |
NTNU |
21 900 |
13 100 |
35 000 |
OM |
11 100 |
8 800 |
19 900 |
SA |
500 |
400 |
900 |
UiA |
13 300 |
10 700 |
24 000 |
UiB |
6 100 |
3 100 |
9 200 |
UiS |
8 100 |
5 800 |
13 900 |
USN |
15 100 |
9 200 |
24 300 |
UiT |
38 500 |
20 800 |
59 300 |
HK |
1 000 |
- |
1 000 |
DMMH |
400 |
300 |
700 |
LDH |
300 |
- |
300 |
MF |
300 |
- |
300 |
NLA |
500 |
600 |
1 100 |
VID |
4 600 |
1 700 |
6 300 |
Sum |
200 000 |
120 000 |
320000 |
325 nye studieplassar
Både i 2023 og 2024 blei det lyst ut rekordmange studieplassar. I budsjettforslaget legg regjeringa opp til eit høgt nivå også i 2025. Regjeringa si satsing inneber 24,3 millionar kroner til 325 nye studieplassar.
– Vi prioriterer utdanningar som dekker dei aukande kompetansebehova i heile Noreg. Slik møter vi kompetansemangelen som vi særleg merkar i distrikta. Neste år aukar vi kapasiteten i medisin, IKT og veterinærmedisin, og vi legg til rette for å kvalifisere fleire av dei som i dag jobbar i barnehage, men manglar utdanning, seier Oddmund Hoel.
- 100 nye studieplassar i IKT. Dei blir fordelte til Universitetet i Oslo (20), Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (20), OsloMet - storbyuniversitetet (15), Universitetet i Søraust-Noreg (15), Universitetet i Bergen (10), Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (10) og Universitetet i Agder (10).
- 50 nye studieplassar i medisin. Desse går til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet for tilbod i Ålesund og Levanger (15), Universitetet i Oslo for tilbod i Innlandet (15) og Universitetet i Bergen for tilbod i Førde (20).
- 10 nye studieplassar på veterinærutdanninga på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Desse kjem på toppen av dei 10 studieplassane som kom i revidert budsjett for 2024.
- 165 nye studieplassar til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. Midlane blir fordelte mellom Høgskolen i Innlandet (10), Høgskulen på Vestlandet (20), Nord universitet (10), OsloMet – storbyuniversitetet (35), Universitetet i Søraust-Noreg (10), Universitetet i Agder (20), Høgskulen i Volda (20), Dronning Mauds Minne Høgskole (30) og Steinerhøyskolen (10).