Statsbudsjettet 2024:

Høgt bistandsbudsjett og ny statleg garantiordning for fornybar energi i utviklingsland

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår eit samla bistandsbudsjett på 51,7 milliardar kroner for 2024. Regjeringa foreslår òg å opprette ei ny statleg garantiordning for fornybar energi i utviklingsland.

Regjeringa foreslår ei ny og innovativ satsing som skal bidra til at kvar bistandskrone utløyser større private investeringar i fornybar energi og gir meir resultat på bakken. Gjennom å opprette ei ny statleg garantiordning for fornybar energi i utviklingsland med ei garantiramme på 5 milliardar kroner, forventast dette å utløyse store investeringar. Noreg har ein føreseieleg økonomisk situasjon og er eitt av få land med svært god kredittverdigheit. Dette skal no nyttast strategisk for å bidra til å byggje ut fornybar energi i utviklingsland, og til eit globalt løft for grøn omstilling.

– Bistand åleine kan ikkje løyse klimautfordringane i utviklingsland. For 2024 foreslår regjeringa derfor ei ny statleg garantiordning for fornybar energi med ei garantiramme på 5 milliardar kroner, for å bidra til auka investeringar på dette sentrale feltet. Tilgang til fornybar energi er viktig for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Store investeringar i utvikling og berekraft gjennom høgt budsjett

Budsjettforslaget på 51,7 milliardar kroner svarer til 0,94 prosent av anslått BNI i 2024, og vil vere det nest største bistandsbudsjettet nokosinne. Nansen-programmet for Ukraina held fram som den største enkeltsatsinga på bistandsbudsjettet. Talet som svelt aukar, og satsinga på mattryggleik og lokal matproduksjon held fram. Bistand gjennom sivilt samfunn blir halden oppe og regjeringa fører vidare støtta til mellom anna viktige FN-organisasjonar, skatterelatert utviklingssamarbeid, global helse, menneskerettar og likestilling.

– Regjeringa foreslår eit veldig høgt bistandsbudsjett for neste år. Det svarer både på behova i Ukraina og i utviklingsland. Norsk hjelp skal redusere svolt, auke lokal produksjon av både mat og legemiddel, redusere ulikskap og fremje likestilling. Med dette budsjettet samlar og målrettar vi både den langsiktige og den kortsiktige hjelpa betre, seier Tvinnereim.