Høie til Bergen for å møte helsenæringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyheit | Dato: 26.01.2018
Helseminister Bent Høie og statssekretær Magnus Thue møter helsenæringa på Vestlandet for å høyre kva aktørene i helsesektoren og næringslivet sjølve meiner regjeringa bør leggje vekt på i den nye stortingsmeldinga om helsenæringa.
Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet arbeidar med ein ny stortingsmelding om helsenæringa, og vil høyre kva for mogeligheiter og utfordringar helsenæringa og andre aktørar innan helse og omsorg sjølv ser for næringa.
– Helsenæringa gir dobbel gevinst. Næringa bidrar til velferd og helse, og skaper verdiar og arbeidsplasser. Vi er heilt avhengige av at kommunar og sjukehus jobbar saman med næringslivet for å fornye eldreomsorga og skape framtidas helse- og omsorgstenester. Næringslivet er ein del av løysinga, seier helseminister Bent Høie.
Ei sentral føring for meldinga vil være at gode helsetenester og velferd, og næringsutvikling og verdiskaping, heng saman.
Kva:
Helseminister Bent Høie og statssekretær Magnus Thue (frå Nærings- og fiskeridepartementet) møter helsenæringa på Vestlandet.
Kor:
PROBE-laboratoriet i BB-bygget (UiB) ved Haukeland sjukehus, Jonas Lies vei 91, Bergen.
Når:
Måndag 29. januar, klokka 10:00 – 12:00
Kven kjem:
Aktørar frå næringsliv, offentlege styresmakter, forskingsmiljøa og helsetenesta deltek på møtet, mellom anna Norwegian Smart Care Cluster, Laerdal Medical, Helse Bergen og Bergen kommune.
Pressekontakt for Høie:
Kommunikasjonsdirektør Arve Paulsen, 901 17 005. arve.paulsen@hod.dep.no
Pressekontakt for Thue:
Pressevakta i Nærings- og fiskeridepartementet: 902 51 303, media@nfd.dep.no