Høyring av endringar i forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket

Landbruks- og matdepartementet har i dag sendt på høyring forslag til endringar i forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket.

Endringsforslaga omfattar både endringar som blei vedtekne i jordbruksoppgjeret i år, i tillegg til forslag til endringar som bidreg til ytterlegare forenklingar for forvaltinga og for dei som søker tilskotsmidlar.

Høyringsfristen er sett til 23. desember 2024. Du kan lesa meir om høyringa her.