Ny ordning for deling av fornybar kraftproduksjon i næringsområde på høyring
Pressemelding | Dato: 09.12.2024 | Energidepartementet
Energidepartementet legg fram forslag til regelendringar som gjer det mogleg å dele overskotsproduksjon av fornybar straum frå anlegg på inntil 5 MW innanfor eit næringsområde.
– Målet med ordninga er å stimulere til ny fornybar kraftproduksjon, utan større naturinngrep og med minst mogleg negativ verknad på kraftsystemet. Me trur ordninga kan utløyse investering i mange nye produksjonsanlegg, og samtidig hjelpe næringsverksemder med å få ned energikostnadene sine gjennom å investere i egen produksjon, seier energiminister Terje Aasland.
I regjeringa sin tiltaksplan for meir solkraft, som blei lagt fram i revidert nasjonalbudsjett for 2024, blei det varsla ei løysing som legg til rette for deling av fornybar straum i næringsområde. No blir forslag til regelendringar som innfører ei slik delingsordning sendt på høyring med høyringsfrist 3. februar 2025. Ordninga er særleg aktuell for solcelleanlegg i næringsområde. Departementa tek sikte på at dei nye reglane kan gjelde frå 1. juli 2025.
Avgrensing av ordninga til «næringsområde» legg til rette for deling av overskotsproduksjon for ei rekkje verksemder der dette kan vere aktuelt. Samtidig bidreg ei slik avgrensing til geografisk nærleik mellom produksjon og forbruk. Frå eit kraftsystemperspektiv er det gunstig å etablere solkraft i område der lokalt forbruk kan absorbere solkraftproduksjonen. Det er òg ein fordel at ny solkraftproduksjon blir etablert i område der eksisterande nett kan utnyttast.
Det er viktig at ordninga har ei tydeleg avgrensing som står seg over tid, og som er tilstrekkeleg klar for involverte verksemder og myndigheiter. Det blir derfor særskilt bede om innspel til behovet for ytterlegare avgrensing av delingsordninga, og innspel til korleis det eventuelt kan gjerast.
Les meir om høyringa her: Høyring av forslag om delingsordning for fornybar kraft tilpassa næringsområde.