Høyring av Nye Veiers forslag til miljøforbetrande tiltak på strekninga E6 Moelv – Øyer

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Ein føresetnad for å endre vernegrensa i Lågendeltaet naturreservat er både vern av kompensasjonsareal og meir miljøforbetrande tiltak. Nye Veier har no levert forslag til miljøforbetringar. Miljødirektoratet vil om kort tid også gi tilråding om vern av eit stort kompensasjonsareal.

Forslag om å endre det geografiske verkeområdet til forskrift om freding av Lågendeltaet naturreservat – slik at ny E6 kan bli ført frem i tråd med vedtatt reguleringsplan for strekninga E6 Roterud – Storhove – var på høyring fram til 1. mai. Regjeringa har sett som føresetnad for forskriftsendringa at det blir utgreidd og gjennomført ytterlegare miljøforbetrande tiltak.

Vegutbyggingsselskapet Nye Veier har no saman med Statsforvaltaren i Innlandet, lokale planmyndigheiter, og i dialog med Miljødirektoratet, utgreidd tiltak og send sine forslag til Samferdselsdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Departementa ber om at innspel til utgreiinga blir send til Samferdselsdepartementet (postmottak@sd.dep.no) og seinast 22. mai.

Her kan du lese Nye Veiers utgreiing om miljøforbedrende tiltak.

Bakgrunn

Regjeringa har opna for å byggje E6 gjennom Lågendeltaet naturreservat under føresetnad av at det blir gjennomført meir miljøforbetrande tiltak og at det blir verna kompensasjonsareal.

Statsforvaltaren i Innlandet har derfor hatt på høyring forslag til endringar i reglar i og det geografiske verkeområdet for verneforskrifta. Statsforvalteren har tidlegare hatt på høyring forslag til vern av kompensasjonsareal, Rykkhustjønnin naturreservat.

Miljødirektoratet vil 22. mai sende Klima- og miljødepartementet si tilråding om endring i verneforskrifta og vern av kompensasjonsareal.

Deretter vil Klima- og miljødepartementet og Samferdselsdepartementet vurdere forslaget til forskriftsendring, vern av kompensasjonsareal og miljøforbetrande tiltak, før regjeringa til slutt konkluderer. Det er for tidleg å seie noko om når det skjer.

Vedlegg: