Høyring om avgrensing av området for redusert meirverdiavgiftssats for vatn og avløp frå 25 til 15 prosent
Nyheit | Dato: 25.02.2025 | Finansdepartementet
Finansdepartementet har i dag sendt på høyring eit framlegg om avgrensing av området for redusert meirverdiavgiftssats for omsetning og uttak av vatn frå vassverk og avløpstenester (vatn og avløp).
Regjeringa føreslo i statsbudsjettet for 2025 å redusere meirverdiavgiftssatsen for vatn og avløp frå 25 til 15 prosent, jf. Prop. 1 LS (2024–2025) Skattar og avgifter 2025. Tiltaket skal bidra til å redusere levekostnadene for hushalda. Stortinget har slutta seg til regjeringa sitt framlegg.
Høyringsnotatet inneheld ei utgreiing for ein ny § 5-12-1 i meirverdiavgiftsforskrifta, der vatn frå vassverk avgrensast til drikkevatn levert via eit vassforsyningssystem. Vidare at avløpstenester definerast som bortføring av sanitært avløpsvatn, inkludert tømming av slamavskiljarar og samlekummar.
Departementet føreslår at den reduserte satsen kan nyttast frå 1. mai 2025.
Høyringsfristen er 8. april 2025.