Høyring om endringar i forskrift om menerstatning ved pasientskader
Nyheit | Dato: 29.01.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa foreslår endringar i forskrift om menerstatning ved pasientskader. Forslaget inneber å ta nye medisinske område og tilstandar inn i invaliditetstabellen i forskrifta.
Menerstatning er erstatning for varig og betydeleg skade av medisinsk art som fører til redusert moglegheit for personleg livsutfalding. Varig medisinsk invaliditet blir fastsett med grunnlag i invaliditetstabellen i forskrift om menerstatning ved pasientskade del II og III, ut frå det funksjonstapet som ein skade eller sjukdom erfaringsvis medfører for ein person.
Forskrift om menerstatning ved pasientskader tok til å gjelde 15. mars 2021, og blei blant anna utarbeida på bakgrunn av mangelfull lovgiving når det gjaldt skadar som erfaringsvis oppstår ved pasientbehandling. I tillegg såg departementet eit behov for å legge betre til rette for likebehandling, førehandsvisse og enklare og raskare sakshandsaming. Erfaringa med forskrifta er at den overordna fungerer godt og etter hensikta.
Forslaget til endringar kommer på bakgrunn av at Norsk pasientskadeerstatning (NPE), i samarbeid med fleire spesialistar som etter avtale med NPE tar oppdrag som sakkunnige, og i samråd med Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, har utarbeidd utkast til invaliditetstabellar for nye medisinske område og tilstandar. Finans Norge har bidratt med innspel til tabellen om psykiske lidingar. Invaliditetsgradene i tabellane er baserte på kunnskap om kva for konsekvensar skaden erfaringsvis gir. Det er også sett hen til praksis og nivå i invaliditetstabellane i andre skandinaviske land.
Dette er hovudinnhaldet i forslaget om endringar i forskrifta del II Invaliditetstabell:
- Fire nye underpunkt til området psykiske lidingar.
- Eit nytt samla punkt om skade på urinvegar.
- Eit nytt punkt om følgjetilstander etter kreftsjukdom.
Høyringsfristen er satt til 30.04.2025.