Høyringa om ei permanent ordning for billettering på ferjene er no sendt ut
Pressemelding | Nr: 25/22 | Dato: 25.02.2022 | Samferdselsdepartementet
– Gjennom koronapandemien har det vore mogleg å nytte skiltgjenkjenning eller AutoPASS-brikke for å kunne krevje inn betaling for ferjereiser i staden for manuell betaling. Dette har vore populært, og mange ønsker at det skal bli ei alternativ ordning på permanent basis. Da må vi endre lova, og forslaga til endringane er no sendt på høyring, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Det er Statens vegvesen som har sendt ut forslaga på høyring. Frå april 2020 fram til 1. juli 2022 er det ei mellombels lov som gjer det mogleg å betale for ferjebillettane utan å vere i kontakt med mannskapet. Å redusere spreiing av covid-19-viruset har vore årsaka.
– For å kunne innføre dette som ei permanent ordning, må vi få på plass gode og sikre løysingar for handsaminga av personopplysningar. Det er hovudformålet med forslaget til lovendringane, seier Nygård.
Etter at høyringa er avslutta 7. april, vil Statens vegvesen handsame innspela. Deretter vil dei sende over eit forslag til lovendring til Samferdselsdepartementet.
For meir informasjon, sjå høyringa på heimesidene til Statens vegvesen.