Høyringsnotat i samband med oppfølginga av etterlattereforma
Nyheit | Dato: 13.12.2022 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider for at etterlattereforma skal tre i kraft frå 2024, og sender to notat med forslag om regelendringar på høyring.
Stortinget vedtok i desember 2020 ei omfattande reform av folketrygda sine ytingar til attlevande ektefelle og tidlegare familiepleiar, sjå lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringar i folketrygdloven (nye etterlatteytelser). Departementet sende eit forslag om forskrifter til lova, i tillegg til nokre mindre lovendringar, på høyring 13. juli 2022.
Høyringsnotata som no blir sendt ut inneheld forslag som skal leggje til rette for at etterlattereforma kan tre i kraft.
I det første høyringsnotatet blir det foreslått reglar for samordning av offentleg tenestepensjon med den nye omstillingsstønaden som erstattar det som i dag er pensjon og overgangsstønad til attlevande ektefelle og tidlegare familiepleiar. Det er ikkje mogleg å attskape gjeldande samordningsreglar fullt ut, men forslaga byggjer på kjende samordningsprinsipp. Vidare blir det foreslått enkelte endringar i gjeldande regelverk som ei tilpassing av endringar i folketrygda sine ytingar.
I det andre høyringsnotatet som blir sendt ut no, blir det foreslått endringar i lover og forskrifter som viser til eller på annan måte byggjer på reglane som blir endra med reforma. Det blir og foreslått visse justeringar og presiseringar i endringslova, og det blir foreslått informasjonsføresegner om forholdet til internasjonal rett med betydning for trygdekoordinering (folkerettsmarkørar).
– Dette er forslag til endringar som er nødvendige for at etterlattereformen i folketrygda kan setjast i verk, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.
Forslaga blir sendt på alminneleg høyring. For å sikre iverksetjing av reforma frå 2024, er det nødvendig med ein kortare høyringsfrist enn den alminnelege høyringsfristen.