Ny rapport om klimagassutslepp og husdyrtilskotet
Nyheit | Dato: 31.10.2024 | Landbruks- og matdepartementet
I jordbruksoppgjeret 2023 blei partane samde om å setta ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på korleis husdyrtilskotet kan bidra til å redusera klimabelastinga frå husdyrproduksjonen. No er rapporten ferdig.
Dei dominerande utsleppskjeldene frå jordbruket er metan frå drøvtyggarar og husdyrgjødsel, og utslepp av lystgass frå gjødsel og gjødsla mark. Det er viktig at det blir sett stort trykk på tiltak som kan bidra til å redusera utsleppa frå jordbruket, samstundes som måla for landbrukspolitikken ligg til grunn. Avtalepartane blei derfor i jordbruksoppgjeret 2023 samde om å setta ned ei partssamansett arbeidsgruppe.
Arbeidsgruppa skulle ta føre seg ei vurdering av korleis ein kan utvikla husdyrtilskota til storfe og småfe frå å vera eit reint husdyrtilskot til også å vera eit tilskot som bidreg til reduserte klimagassutslepp frå husdyrproduksjonen. Gruppa har gjort vurderingar omkring å knytte krav eller tilskot til dei tre ulike tiltaka klimarådgjeving, metanhemjande fôr og betre grovfôrkvalitet.
Rapporten tek mellom anna føre seg effekten dei tre tiltaka vil ha på dei landbrukspolitiske måla. Han dannar eit felles kunnskapsgrunnlag for avtalepartnarane i jordbruksforhandlingane og vil bli følgd opp i samband med jordbruksforhandlingane i 2025.
- Les heile rapporten her Rapport fra partssammensatt arbeidsgruppe_Klimagassutslipp og husdyrtilskudd.pdf
Å bruka metanhemjarar er det tiltaket som arbeidsgruppa har vurdert at har størst potensial for å redusera klimagassutsleppa i husdyrproduksjonen. Samstundes er det eit klimatiltak der ein treng meir kunnskap om effekten og bruken under norske forhold. Metanhemjarar er tilsettingar i fôret som reduserer metanproduksjonen i vomma på drøvtyggarar. Det er fleire forskingsprosjekt som undersøker både bruken og effekten av dei, mellom anna Metan HUB. Dei ser på bruken spesifikt under norske forhold.
Bovaer (3-NOP) er eit slikt tilsettingsstoff der internasjonal forsking viser til stor effekt på reduksjon av metanutslepp. Bovaer er godkjent av Den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik (EFSA) og av Mattilsynet som tilsettingsstoff i fôr til mjølkekyr og avlskyr. Fleire land har teke det i bruk. I Sverige og Nederland stimulerer private meieriaktørar til bruk av metanhemjarar. I Danmark har styresmaktene gjort framlegg om krav om tilsettingar i fôret til mjølkekyr.
Regjeringa har sett seg mål om å innfasa metanhemjande tilsettingsstoff i dei grovfôrbaserte husdyrproduksjonane frå og med 2027. I Regjeringas klimastatus- og plan for 2025 reknar ein at utsleppseffekten kan utgjera 0,7 millionar tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2025 til 2030. Ein reknar med at metanhemjarar i fôr vil kunna gje 20 prosent reduksjon i metan frå fordøyinga til storfe.
Arbeidsgruppa har òg sett nærare på samanhengar mellom dei ulike klimatiltaka med tanke på klimagassreduserande verknad. Samanhengen mellom tiltaka viser at det kan vera nyttig å sjå tiltak på tvers.
I rapporten er det gjort overordna vurderingar av tiltak som vil redusera klimabelastinga og insentiv for å gjennomføra tiltaka knytte til husdyrtilskotet. I samband med det viser arbeidsgruppa til at det er behov for å gjera nærare vurderingar av regelverksutforming, implementeringsplan og moglegheiter for å kombinera verkemiddel. Det må òg gjerast ytterlegare vurderingar av økonomiske og juridiske konsekvensar.