Presseinvitasjon:

Husleigelovutvalet leverer første delrapport til statsråd Sande

31. januar overleverer husleigelovutvalet sin første delrapport til kommunal- og distriktsminister Erling Sande. Utvalet har mellom anna vurdert om og eventuelt korleis det bør gjerast endringar i reglane om kontraktslengde og oppseiingsvern for å sikre grunnleggande butryggleik.

Husleigelovutvalet vart oppnemnd av regjeringa 16. juni. Målet for arbeidet til utvalet er mellom anna å vurdere, og foreslå, endringar som styrker leigarar sine rettar og sikrar grunnleggjande butryggleik, samt vurdere endringar som gjer at lova er tilpassa dagens situasjon i leigemarknaden

Husleigelovutvalet har mellom anna vurdert følgande tema i sin første delrapport:

  • Om føresegnene om tidsbestemte og tidsubestemte kontraktar bør endrast, herunder
    • om minstetida for privatpersonar som leiger ut bør aukast
    • om profesjonelle utleigarar bør tilby berre tidsubestemte kontraktar
  • Om leigetakar si moglegheit til å sei opp ein tidsbestemt leigekontrakt bør styrkast
  • Om leigetakaren sitt oppseiingsvern bør styrkast.

Det er utvalsleiar og forskar ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA, OsloMet, Jardar Sørvoll, som kort vil presentere og overlevere rapporten til statsråd Sande.

Statsråden og utvalsleiar vil vere tilgjengeleg for intervju etter framlegginga

Tid: Onsdag 31. januar kl. 10.30-11.00. Registrering frå kl.10.00. Hugs gyldig pressekort og gyldig ID.

Stad: Kommunal- og distriktsdepartementet, R5, Akersgata 59

For påmelding send ein e-post til presse@kdd.dep.no innan onsdag 31. januar kl. 09.00.

Les Husleigelovutvalet sitt mandat her