Revidert nasjonalbudsjett
65 millionar kroner til havvind-undersøkingar
Pressemelding | Dato: 12.05.2022 | Energidepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa foreslår å løyve 65 millionar kroner til kartlegging av havbotnen i utlysingområda Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord. Det blir også foreslått ei løyving på 10 millionar kroner for å kartleggje korleis eksisterande og nye næringar påverkar kvarandre og økosystema.
— Eg har bedt Oljedirektoratet om å sette i gong grunnundersøkingar i dei to områda som er opna for å utnytte tida godt medan vi utarbeider auksjonsmodell og kvalitative kriterium for tildeling av areal. Undersøkingane kan starte allereie i sommar, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Dei aktuelle undersøkingane gir informasjon om djupne og havbotn og er viktige for å velje plassering av vindkraftverka innanfor utlysingsområda. Undersøkingane inkluderer første del av Mareano-kartlegginga av havbotn.
Tiltaket har blitt spelt inn av fleire aktørar i havvindnæringa som eit tiltak for å spare tid og redusere risiko for komande havvindprosjekt på Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II. Tidleg kartlegging av havbotn er viktig for å realisere havvindprosjekt i Noreg før 2030.
Olje- og energidepartementet har gitt Oljedirektoratet i oppdrag å skaffe grunnundersøkingar for havvind på Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord, under føresetnad av løyving frå Stortinget.
— Havvind er ein sentral del av det grøne industriløftet. Me hadde ambisjonane med oss inn i regjering, og denne veka presenterte me ein historisk ambisjon om 30 GW innan 2040 og no følgjer me opp med friske midlar for å få raskare framdrift i utbygginga. Med det følgjer verdiskaping, nye jobbar og eit reelt grønt skifte, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til Olje- og energidepartementet med 5 millionar kroner til ekstern bistand og utgreiingar for vindkraft til havs. Før områda kan utlysast skal myndigheitene mellom anna utarbeide tildelingsmodell og val av kvalitative kriterium for tildeling av areal.
Regjeringa ønskjer god sameksistens mellom havnæringane. Målet er å finne løysingar som er baserte på eit godt kunnskapsgrunnlag, og som held fram med å skape vekstmoglegheiter i tida framover. Regjeringa foreslår difor å styrkje løyvinga til Havforskingsinstituttet med 10 millionar kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2022.
— Havnæringane skal videreutviklast for å sikre berekraftig verdiskaping i framtida. Vi må vite meir om korleis eksisterande og nye næringar påverkar kvarandre og økosystema. Fiskerinæringa er viktig for Noreg, og det må takast omsyn til denne næringa når nye havnæringar utviklast, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.