I natt blir fylkesmannen til statsforvaltaren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 31.12.2020
Frå 1. januar 2021 får fylkesmannen den nye, kjønnsnøytrale tittelen statsforvaltar. – Vi vidareførar tradisjonen med at institusjonen og personen har same namn. Samstundes blir skiljet mellom statens regionale representant og fylkeskommunen tydelegare, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister.
Regjeringa fatta i mars vedtak om at kjønnsspesifikke stillingstitlar skal gjerast om til kjønnsnøytrale stillingstitlar i alle statlege verksemder. Det gjeld mellom anna fylkesmannen – både tittelen på stillinga og namnet til verksemda.
Departementet har fått mange gode og kreative namneforslag, mellom anna i sosiale medium.
− Vi har drøfta fleire alternativ, men landa til slutt på tittelen statsforvaltar. Det som i dag er fylkesmannen i Trøndelag, blir frå 1. januar statsforvaltaren i Trøndelag, seier Astrup.
Eit viktig bindeledd
Statsforvaltarane har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Dei har og ei viktig rolle som bindeledd mellom stat og kommune, er tverrsektoriell samordnar og rettssikkerheitsinstans overfor innbyggjarane.
− Nytt namn er sjølvsagt interessant, men det viktigaste er at statsforvaltarane framleis vil ha ei svært sentral rolle i det norske samfunnet, seier Astrup.
I desse tider har statsforvaltarane ei viktig rolle i handteringa av koronapandemien i fylka sine. Dei har faste møter med sentrale helse- og beredskapsstyremakter og kommunane for å informere, koordinere og utarbeide felles køyrereglar for handteringa av pandemien regionalt. Statsforvaltarane har ei viktig oppgåve i å få til god samhandling mellom ulike fagområde og mellom sentrale helsestyremakter og kommunane.
Nye namn på samisk og kvensk
Dei samiske og kvenske namna på statsforvaltaren er:
Sørsamisk: staatehaaltoje
Nordsamisk: stáhtahálddašeaddji
Kvensk: staatinhallittija
Fylkesmennenes fellesadministrasjon (FMFA) vil endre namn til Statsforvaltarens fellestenester frå same tidspunkt.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00