Noreg bidreg til donasjon av dronar og luftvern
Nyheit | Dato: 03.09.2024 | Forsvarsdepartementet
Ukraina vil få donert fleire dronar til fronten, og meir luftvern for å beskytte den ukrainske befolkninga og viktig infrastruktur frå russiske angrep.
– Ukraina har et akutt behov for meir militært materiell for å beskytte seg mot den russiske angrepskrigen. Noreg vil saman med andre land gjere det vi kan for å bidra, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Noreg bidreg med 570 millionar kroner til denne donasjonen. Anskaffinga gjerast gjennom det britisk leda samarbeidet International Fund for Ukraine.
Donasjonen er eit samarbeid mellom Storbritannia, Nederland, Litauen og Noreg.
Om IFU
Formålet med det britisk leda fondet er å bidra med militært materiell til Ukraina gjennom anskaffingar frå industrien. Noreg har tidlegare bidratt med til saman 1,8 milliardar kroner til IFU sidan 2022. Saman med Storbritannia, Nederland, Danmark, Sverige, Litauen, Australia, New Zealand og Island er det forplikta over 12,5 milliardar kroner totalt.
Norge har tidlegare bidratt til innkjøp av blant annet luftvern, mineryddarutstyr, artilleriammunisjon, transportvogner, ingeniørvogner, broleggere, reservedelar og utstyr for vedlikehald av ukrainske plattformer og småbåtar.
Støtta finansierast gjennom Nansen-programmet.