Presseinformasjon

Anne Beathe Tvinnereim gjestar Colombia og Panama

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Utviklingsminister Anne Beate Tvinnereim gjestar Colombia frå 27. februar til 1. mars og deltek på «Our Ocean»-konferansen i Panama 2. og 3. mars.

I Colombia vil utviklingsministeren besøkje feltprosjekt som fremjar mattryggleiken i landet. Ho vil også møte representantar frå regjeringa i Bogotá.

I Panama skal utviklingsministeren vere med på havkonferansen «Our Ocean». Konferansen er venta å bli ein av dei viktigaste internasjonale havarenaene i 2023.

Pressekontakt: Mariken Bruusgaard Harbitz (med på reisa), mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no, +47 99 09 35 38