Presseinformasjon
Utanriksministeren til Washington DC og New York
Pressemelding | Dato: 10.10.2022 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Anniken Huitfeldt besøkjer Washington DC tysdag 11. oktober for politiske møte. Ho reiser vidare til New York for møte i FNs tryggingsråd onsdag 12. oktober.
Huitfeldt skal møte USAs utanriksminister Anthony Blinken og president Bidens nasjonale tryggleiksrådgjevar Jake Sullivan 11. oktober. Same dag møter ho også ei rekke ekspertar frå tankesmiemijøet. Tema for møta i Washington DC er mellom anna situasjonen i Ukraina og samarbeidet i Nato og i Arktis. Også andre område der Noreg og USA samarbeider tryggingspolitisk, humanitært og på andre måtar vil bli drøfta.
I New York skal Huitfeldt mellom anna delta på møte i Tryggingsrådet om klima og tryggleik i Afrika. Ho skal òg delta på møte i Tryggingsrådet om situasjonen i Colombia.
Pressekontakt: Ragnhild H. Simenstad, mobil 91 71 74 59