Presseinformasjon
Utanriksministeren deltek i EØS-rådet
Pressemelding | Dato: 21.11.2022 | Utanriksdepartementet
Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.
Den 23. november deltek utanriksminister Anniken Huitfeldt på EØS-rådets halvårlege møte i Brussel.
EØS-rådet er eit organ på politisk nivå for utveksling av synspunkt mellom EU og EØS/Efta-landa på EØS-avtalen og sentrale saksområde.
I samband med besøket vil ho óg ha møte med EØS-landa Island og Liechtenstein. Ho vil i tillegg møte visepresident i EU-kommisjonen, Maroš Šefčovič.
Pressekontakt: Mathias Rongved, mathias.rongved@mfa.no, tlf. 97 56 52 58.