Presseinformasjon
Program for FNs tryggingsråd i oktober
Pressemelding | Dato: 12.10.2022 | Utanriksdepartementet
Arbeidsprogrammet for FNs tryggingsråd i oktober er klart. Tryggingsrådets årlege debatt om kvinner, fred og tryggleik og dei årlege konsultasjonane mellom Den afrikanske union og FNs tryggingsråd finn begge stad i oktober. Utanriksminister Anniken Huitfeldt vil delta på møtet om klima og tryggleik, og på møtet om Colombia.
Det er Gabon som har presidentskapet i Tryggingsrådet i oktober. Sjå heile programmet på nettsida til FN. Det kan kome endringar i programmet.
Program
4. oktober |
Orientering og konsultasjonar om FNs politiske oppdrag i Irak (Unami). |
|
|
5. oktober |
Orientering og konsultasjonar om ikkje-spredning/Nord-Korea. |
|
|
6. oktober |
Debatt om finansiering av terrorisme gjennom ulovleg handel av naturressursar i Afrika. |
|
|
11. oktober |
Debatt om samarbeidet mellom FN og Den afrikanske union (AU). |
|
|
12. oktober |
Debatt om klima og tryggleik i Afrika. Orientering og konsultasjonar om Colombia. Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på begge møta. |
|
|
13. oktober |
Orientering og konsultasjonar om situasjonen i Jemen. |
|
|
13.-14. oktober |
Seminar og konsultasjonar mellom Den afrikanske unions freds- og tryggingsråd (AUPSC) og FNs tryggingsråd. |
|
|
17. oktober |
Orientering og konsultasjonar om Haiti. Konsultasjonar om FNs operasjon i Vest-Sahara (Minurso). Konsultasjonar om FNs observatørstyrke på Golanhøgdene (Undof). |
|
|
18. oktober |
Orientering og konsultasjonar om FNs oppdrag i Mali (Minusma). Orientering om FNs operasjon i Kosovo (Unmik). |
|
|
19. oktober |
Orientering og konsultasjonar om FNs oppdrag i Den sentralafrikanske republikken (Minusca). Orientering frå sanksjonskomiteen for Somalia (751-komiteen). Konsultasjonar om Libanon (1559-rapporten). |
|
|
20. oktober |
Open debatt om kvinner, fred og tryggleik. |
|
|
21. oktober |
Orientering og konsultasjonar om FNs politiske oppdrag i Libya (Unsmil). |
|
|
25. oktober |
Orientering og konsultasjonar om den politiske og humanitære situasjonen i Syria, og om elimineringa av programmet for kjemiske våpen i Syria. |
|
|
26. oktober |
Orientering og konsultasjonar om situasjonen rundt dei store sjøane i Afrika. Privat møte om Den internasjonale domstolen (ICJ). |
|
|
27. oktober |
Planlagt vedtak av fornya mandat for FNs operasjon i Vest-Sahara (Minurso). Planlagt vedtak av fornya mandat for FNs verifikasjonsoppdrag i Colombia. Orientering og konsultasjonar om FNs oppdrag i Abyei på grensa mellom Sudan og Sør-Sudan (Unisfa). |
|
|
28. oktober |
Planlagt vedtak av fornya mandat for FNs politiske oppdrag i Somalia (Unsom). Planlagt vedtak av fornya mandat for FNs politiske oppdrag i Libya (Unsmil). Open debatt om den israelsk-palestinske konflikten. |
Korleis dekke møter i Tryggingsrådet
Pressetreff og opne møte går direkte på FNs web-tv. Video kan du få i etterkant etter avtale. Bilete frå møta finn du på UN Photo / photolibrary@un.org. Du finn innlegg frå Noreg i Tryggingsrådet her.
Pressekontaktar
New York: Astrid Sehl, astrid.sehl@mfa.no, telefon +1 646 642 9910.
Oslo: Mariken Bruusgaard Harbitz, mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no, telefon +47 99 09 35 38.